– I eit moderne demokrati har alle statsborgarar eit ansvar – anten vi er nykomlingar eller vi har vori lenge i landet, skriv Gunnar Skirbekk i Aftenposten.

Flyktningar skal integrerast, bli statsborgarar i det norske samfunnet. Språkopplæring og tilgang til arbeidslivet er presserande oppgåver. Men utover dette, kva inneber det å vere statsborgar i eit moderne demokrati, med rettsstat og velferdsstat, i ei tid prega av kriser?
Statsborgarskap gir rett til velferdsgode og til rettsleg likebehandling. Men kva med pliktene? Det er skuleplikt i alle fungerande moderne demokrati. Det er ikkje tilfeldig. Demokrati, som valsystem, forutset at statsborgarane er rimeleg opplyste, at dei i rimeleg grad er myndige menneske.

Som statsborgar må ein (på rimeleg vis) kunne språket, forstå sakene, skjønne samfunnet. Manglar dette, kan ein vere kunde og klient, og rettsstatleg undersått, men ikkje statsborgar, reelt sett.

Dessutan, som statsborgar i eit moderne rettsstatleg og vitskapsbasert demokrati, med ein generell og sjenerøs velferdsstat, er det visse holdningar og dygder som må på plass. Den som vil nyte godt av institusjonane må leve opp til føresetnadene for at dei skal fungere – grunnleggjande lojalitet og tillit, allmenn solidaritet utover familie og klan, skilje mellom rettsvesen og religion, mellom yrkesroller og privatliv. Samt ei erkjenning av at vi er feilbarlege og at vi i eit moderne demokrati treng open og opplyst diskusjon og praksisbasert læring av ulikt slag. Samstundes treng vi ei open holdning til kritisk tenking og vitskapleg innsikt. Kort sagt, moderne institusjonar krev kulturell modernisering.
Livsformer og holdningar som er funksjonelle i statslause samfunn, er ikkje gangbare i moderne statssamfunn. Derfor er det påkravd med klar tale og klare krav både i undervisningsopplegg og innføringsprogram. Vellykka integrering krev kulturell modernisering.

For det er ille med dei «halvmoderne», som kombinerer moderne teknologi og religiøs fundamentalisme, som om opplysningstida aldri fanst (anten det er i Midtausten eller Midtvesten), men aller verst er kombinasjonen av moderne våpen og førmoderne holdningar og aksjonar – ein konstellasjon som gir assosiasjonar til 11. september og 22. juli.

Som statsborgar i demokratiske rettsstatar kan vi velje og bli valde, demonstrere og organisere oss, delta i debatten og halde oss oppdaterte på det som skjer og på det som kan gjerast. I eineveldige samfunn har styrarane det politiske ansvaret, ikkje undersåttane. I demokratiske samfunn er statsborgarane medaktørar (på ulikt vis, meir eller mindre) og dermed med-ansvarlege (om enn i ulik grad).
Kort sagt, som statsborgar i moderne demokrati har vi makt, og dermed også medansvar. Dette gjeld oss alle, anten vi er nykomlingar eller vi har vori lenge i landet.

For å illustrere poenget kan vi vise til ei historie om ein samtale mellom to amerikanske statsborgarar som opplevde åtaket på The World Trade Center: «Dette er som Pearl Harbor», sa den eine. «Kva er det?», spurde den andre. «Oh», sa den første, «det var då vietnamesarane gjekk til åtak på oss og vi fekk Vietnamkrigen.»

Poenget er ikkje å harselere over kunnskapsløysa, men å minne om at amerikanske statsborgarar kan røyste på presidenten som mellom anna har autoritet til å starte krigar i Irak og andre stader. Derfor er det viktig at dei som kan velje, har rimeleg realistiske oppfatningar om korleis verda ser ut, til dømes om kor Irak er og kva folk der driv på med, og kva som kan skje om ein går inn militært. Som amerikansk statsborgar er ein derfor medansvarleg for det som skjer i neste omgang, anten det er militære intervensjonar, finanslovgiving eller naturskadelege prosjekt. Men dette gjeld alle oss som er statsborgarar i moderne demokrati, i ei kriseramma samtid.

Krisene forsterkar medansvaret. Og vi har kriser av mange slag. Økonomiske nedgangstider og aukande skilnader, ny teknologi med tap av tradisjonelle arbeidsplassar, arbeidsløyse, alvorlege klimaendringar og omfattande økologiske utfordringar, regionale konfliktar prega av førmoderne holdningar, religiøst motiverte terroranslag og masseinnvandring – og mangt anna.

Dette inneber moralske og politiske utfordringar, med særleg adresse til oss som lever i moderne rettsstatlege demokrati. Institusjonane er grunnleggjande, men statsborgarane har også eit ansvar, for å forme og verne dei institusjonane som trengst.
Her kan vi tale om eit todelt ansvar: Kvar og ein bør prøve å leve opp til fordringane som statsborgar i slike samfunn, kvar ut frå sine føresetnader – ikkje som krav om perfeksjon, men som ei fordring om å prøve å bli meir opplyst og meir sjølvstendig – meir prega av den type dygder der ein erkjenner at vi alle er feilbarlege og at vi derfor treng å lytte til kvarandre.

Men samtidig er det ei fordring til statlege instansar om å sikre god grunnutdanning for alle, og å leggje til rette for fri og opplyst meiningsdanning i offentlege rom, til dømes i presse og forlag. Jamfør Grunnlova § 100 siste ledd: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.»
No er det ikkje tid for naiv optimisme, heller ikkje for forskremd pessimisme. Som statsborgarar i kriseramma moderne demokrati er vi deltakarar, ikkje berre tilskodarar. Pessimistar kan vi vere når vi ein dag ser oss attende, i lag med Sankt Peter. Men ikkje no. Så lenge vi er her, som statsborgarar, har vi medansvar.

Av Gunnar Skirbekk, trykt i Aftenposten fredag 29. januar 2016