I boka «Folkestyre eller elitestyre?» spår fleire forskarar at både kommunejobbar og andre arbeidsplassar kan gå tapt ved kommunesamanslåing. Redaktørane av boka er sterke i trua på at smått er godt. 

Professor i forvaltningsøkonomi Bjarne Jensen og professor emeritus i administrasjons- og organisasjonsvitskap Alf-Inge Jansen, har redigert boka «Folkestyre eller elitestyre?», der mellom andre ei rekke forskarar bidrar ifylgje Klassekampen. 

– Kommunereforma vil svekka busetnaden i distrikta. Det vil verta færre kompetansearbeidsplassar ute i landet, seier professor i forvaltningsøkonomi ved Høgskolen i Hedmark Bjarne Jensen.

Han viser til fasiten etter tidlegare samanslåingar. Frå 1987 til 2012 vart totalt 39 kommunar slått saman til 14 større kommunar.

I 28 av 39 samanslåtte kommunar var veksten i befolkninga svakare enn gjennomsnittet for den kommunegruppa dei høyrde til, to hadde same vekst, mens ni hadde sterkare vekst.

Særleg kommunar som mista kommunesenteret kom dårleg ut, skriv Jensen i antologien «Folkestyre eller elitestyre? Kommunereform i perspektiv», som han og Jansen er redaktørar for.

Jensen skriv at det empiriske materialet ikkje er foreineleg med Vabo-utvalet si hypotese om at større kommunar gir sterkare befolkningsvekst.

«Tvert imot indikerer det at veksten vert svakare», skriv han.

– Kommuneadministrasjonen er ein viktig arbeidsplass i dei mange bygdebyane og sentra me har i Norge. Når dette senteret blir lagt ned, blir det ein reduksjon i talet på arbeidsplassar, seier Jensen.

Han meiner det òg er grunn til å tru at ikkje-kommunale arbeidsplassar går tapt.

– Me kan rekna med at det gir ringverknad til andre typar verksemder, som sparebank, Nav-kontor, lokal frisør, helsetenester, seier han.

Jensen peiker på at mange kommunar som no er i dialog om samanslåing, ser ut til å vera merksame på problemstillinga, gjennom å laga intensjonsavtalar som skal sikra ei fordeling av kommunetenester i ulike geografiske delar i den nye storkommunen.

Han trur slike intensjonsavtalar kan bli vanskelege å følga opp, og at dei berre vil gjelda ein kommunestyreperiode.

Jensen og Jansen meiner at informasjonsgrunnlaget som kommunereforma bygger på, er for einsidig.  – Det er mykje kommuneforsking som ikkje er brukt. Det er blind ideologi om at stort er godt, seier dei.

– Er denne boka einsidig frå andre kanten? spør Klassekampen. – Me trekk fram dei fremste forskarane, seier dei.

Begge er sterke i trua på at smått er godt, og at kommunereforma vil endra samfunnet.

– Me må spør kva som er Noreg sin suksess. Eg trur det at me har halde på ei desentralisering, at det er liv i heile landet, er ein viktig faktor, seier Bjarne Jensen.

Alf-Inge Jansen peiker på at langt færre kommunestyrerepresentantar i landet vil gi større elite-dominans.

– Folks erfaring av utvikling er ulik ute i landet og i Oslo-eliten. Det gjeld både leveforhold og næringsforhold, seier Jansen.

Han seier at små kommunar ofte har ein motmaktsfunksjon.

 Av Tone Marie Mannsåker. Publisert på Radio Folgefonn 12.4.2016.