Simon Malkenes

No kjem nye, detaljerte mål for Osloskulen. – Passar betre for Fylkesmannen enn elevane, seier Simon Malkenes. 

«Eleven skal kunne lytte til og gi respons på andres tanker og følelser.»

«Eleven skal kunne samtale om betydningen av at alle mennesker er like mye verdt.»

«Eleven skal kunne forklare hva en verdi er.»

Desse måla er no på veg inn i KRLE-faget i Osloskulen og kan bli styrande for korleis hovudstadens elevar blir målt i tida framover. I tillegg kjem det like detaljerte mål i samfunnsfag.

Saman med dei 2770 måla i engelsk, norsk, framandspråk, naturfag og matte, som Klassekampen tidlegare har vist, er Osloskulen oppe i 3637 mål.

Sjølv om måla ikkje er obligatoriske, men meint som hjelp til lærarane med å bryte ned læreplanen, vil dei fort ende opp med å strukturere kvardagen til både lærarar og elevar, meiner lektor Simon Malkenes:

– Ein lagar desse måla fordi ein fryktar tilsyn frå Fylkesmannen. Eit punkt det blir ført tilsyn på, er «elevens rett til å kjenne mål for opplæringen». For å tilfredstille tilsynet sitt krav til dokumentasjon lagar ein alle desse måla. Dette er samstundes opphavet til skjemaveldet i skulen der den manglande tilliten til læraren er knytt til dei føringane dokumentasjonskravet gjev, seier Malkenes.

Han har tidlegare skrive boka «Bak fasaden i Osloskolen» som mellom anna kritiserer denne måten å styre skulen på.

– Måla er laga for Fylkesmannen, ikkje elevane.

Best i landet

Denne veka blei dei vidaregåande skulane i Oslo kåra til dei beste i landet på ei ny, stor rangering. Sjølv om denne målinga var for vidaregåande, og dei 3637 måla er for grunnskulen, har Osloskulen i årevis fått skryt for å vere ein av landets beste.

– Tyder ikkje dette på at Osloskulen gjer mykje rett, då?

– Målinga er utført av Senter for økonomisk forsking ved NTNU. Samfunnsøkonomane har ikkje teke omsyn til det ein kallar naturleg variasjon, som sosial bakgrunn, elevmotivasjon, læringskultur og alt anna rundt skulen som påverkar læringa i skulen. Det er ikkje sikkert at ein får ei måling av arbeid i skulen, seier Malkenes, og legg til:

– Dette er pedagogikk sett med økonomibriller.

Malkenes viser til ein ny doktorgrad av Pernille Jahnsen Berg om kommunal styring av skulen.

– Den viser at mål- og resultatstyring i skulen er det som i minst grad hjelper læraren til i betre undervisninga.

Kritiske til mengda 

– Vi er kritiske til mengda, og lurer litt på kven desse måla er til for, seier Jannicken Fredriksen i Utdanningsforbundet. Ho er tillitsvalt i Oslo for grunnskulelærarar.

– Utdanningsetaten seier jo at ingen er pålagt å bruke måla, at dei er frivillige. Men skal dei lette undervisninga for lærarane, skal dei brukast til skriftlege vurderingar av eleven, skal dei vere forståelege for elevar og lærarar? Når ein ser på mengda blir det jo òg veldig vrient å plukke frå dei, seier ho.

– Det er ikkje noko gale i at Utdanningsetaten vil hjelpe til. Måla i læreplanen må jo brytast ned. Men vi stiller spørsmål om mengda, forklarer Fredriksen.

Vil følgje opp saka 

Tone Tellevik Dahl (Ap), byråd for oppvekst og kunnskap, gjev via sin presserådgjevar følgjande svar til Klassekampen:

«De veiledende målene er ikke politisk bestilt eller bestemt, men er utviklet av lærerne selv. De er et resultat av et faglig arbeid der lærerne har konkretisert læreplanene, som i dag har mål på 2., 4., 7. og 10. trinn. Det sier seg selv at planene må konkretiseres, og det er det lærerne selv som bør gjøre. Jeg oppfatter målene som et forsøk på å gi lærerne bedre tid. For det er dårlig tidsbruk om hver enkelt skole skal utvikle sine egne lokale læreplaner. Verken Utdanningsforbundet eller enkeltlærere har sagt til meg at de ikke vil ha veiledende læringsmål i Osloskolen».

Ho understrekar at måla er frivillige:

«Dersom lærere opplever dette som styring eller at de ikke er til hjelp, står de fritt til å legge dem vekk. De fleste av dem hadde ikke trengt å være mål heller – de kunne like gjerne vært eksempler på mulig kunnskapsinnhold på ulike skoletrinn. Jeg kommer til å ta opp med Utdanningsetaten og lærerorganisasjonene om dette er den beste måten å konkretisere læreplanene på.»

Av Jens Kihl og Kjetil Magne Sørenes. Trykt i Klassekampen 13.4.2016.