– Styringssystemet i Osloskolen fremjar ikkje læring. Tvert om: Styringssystemet i Osloskolen står i vegen for læring, skriv Simon Malkenes i VG. 

Ein propagandaminister sa ein gong at om du gjentek ei løgn ofte nok blir den sann. Oslo Bystyre seier det slik: «Kartlegging og tett oppfølging av den enkelte elev, mål- og resultatstyring og åpenhet om resultater har vært grunnleggende premisser for resultatfremgangen i Oslo.» (Bystyremelding nr. 1/2013).

Løgna er at styringssystemet i Osloskolen fremjar læring. Det gjer det ikkje. Tvert om. Styringssystemet i Osloskolen står i vegen for læring. Korleis? Eit døme: Osloskolen skal ta utgangspunkt i vitskapleg utforma metodar. Men alt tankerabeid skal flyttast oppover i systemet til planleggingsavdelingar som Utdanningsetaten. Der vil ein bruke det Thomas Nordahl kallar «det som virker». Utdanningsetaten og rektorane trur dei veit kva «som virker» og at det må kommanderast inn i klasserommet.

Men dei har gløymt elevens forutsetningar, eigen motivasjon, innsats og foreldres ressursar og haldningar til skole og utdanning. Det er ikkje med i reknestykket. For ikkje ein gong Thomas Nordahl kan vite kva som verkar overalt. For han kjenner ikkje elevane, bakgrunnen deira, kva som motiverer dei, kva som gjev dei lyst til å lære osb. Men det gjer læraren. Han er utdanna til det. Difor står det i læreplanen at «læreren med utgangspunkt i læreplanens kompetansemål velger innhold, aktiviteter og arbeidsmåter». Det gjev den enkelte lærar mogelegheit til variere og tilpasse undervisninga til sine elevar, slik at dei lærer best. Det vil ikkje Osloskolen gje han høve til. Og det hindrar læring for elevane.

«Jeg er spesielt stolt over det vi har fått til i Osloskolen. Vi er best på nasjonale prøver», sa ordfører Fabian Stang til VG i februar. Stang tek feil. For prøvene sier ikkje noko om det «vi» har fått til.

Resultata kjem ikkje av styringssystemet i Osloskolen, men av at utdanningsnivået er høgst i Oslo, samt at Oslo fritek fleire enn resten av landet. Men ordfører Stang bruker målbare resultat som kriterium for suksess. For Osloskolen høyrer heime i «School effectiveness-tradisjonen». Fabian Stang skryt av ein prestasjonsorientert Osloskole. «Vi er best» seier han. I ein slik skole er prøveresultat og samanlikningar med andre elevar, klasser og skoler viktigst.

I ein læringsorientert skole legg ein mest vekt på kunnskap og forståing, skolebarna lærer å reflektere over si eiga læring og indre motivasjon er viktig. Slik er det ikkje i Osloskolen. For suksess i Osloskolen er at skolen er betre enn andre skoler, eller at ein elev får bedre resultat enn andre. Dette prestasjonspresset hindrar læring for skolebarna i Oslo.

Rektor Elin Brandsæter skriv følgande i VG 22. mars: «For skolene er prøveresultater konkret og nødvendig kunnskap om hver elevs ståsted». Men prøveresultata betyr forskjellige ting på ulike nivå i Osloskolen. Dei er styringsinformasjon for rektor og vidare oppover i systemet fordi ein der ser dei som «nødvendig og konkret kunnskap om hver elevs ståsted». Rektor Brandsæter trur at kartet stemmer med terrenget. Men det gjer det ikkje. Ei prøve kan ikkje gje det fulle og heile bilete av skolebarnas kunnskap. For den må fortolkast av læraren utfrå kjennskap og forståing av kvart enkelt barn. Og då stemmer ikkje kartet hennar med terrenget.

Ei side av prøvetrua er teaching to the test: Eit mål for skoler i Oslo er å ha framgang på kartleggingsprøver. Det gjer at seksåringar øver på prøvene i fleire månadar. Målet er resultatframgong. Og då kan rektor få lønstillegg for ikkje å oppdage at seksåringen har lærevanskar. Det hindrar læring for seksåringen.

Prøvetrua hindrer læringa til skolebarna. I skoleforskinga kallar ein det overflatelæring. Overflatelæringa gjer at elevane pugger fakta og utfører prosedyrer utan å forstå kvifor og korleis. For elevane må gjere det bra på prøvene og undervisninga vert styrt mot dei. Det endrar læringsprossesen. Korleis? Jau, samarbeid, innsats og problemløysing vert verdsett mindre enn sjølve resultatet på prøva. Det gjer at elevane vert verdsett og forstått utfrå deira prestasjoner og prøveresultat. I boka «Motivasjon for læring» skildrar professor i pedagogisk psykologi, Einar Skaalvik konsekvensane for elevane som ei negativ utvikling av mestring, forventningar, haldningar til skolen og skolefaglege prestasjonar. Det hindrar læring for dei som lider under prestasjonspresset.

Ein kan lære av land som gjorde dette før Osloskolen. Der er mange som åtvarar, som professor i pedagogikk ved universitetet i Cambridge, Diane Reay: «Ikkje gjer som vi har gjort med skolen i England. Konstant testing og vurdering av elevane har skapt ein utdanningsmessig fiasko». USA: Diane Ravitch, assisterande undervisningsminister under Bush den eldre, no skoleforskar: «Den unaturlege testinga har ført til urimelege, men føreseielege resultat», for «testane har ført til at skulane berre underviser for at elevane skal greie testane». Og ikkje minst – Sverige gjorde dette ti år før Oslo. Europakommisjonen skriv no «skoleresultata i Sverige fell og sosial ulikskap aukar». Om denne styringsformen gav betre læring hadde Sverige vore i toppen. No synker dei som ein stein. Fordi styringssystemet hindrar læring.

Til slutt: Når leiaren i Oslo Høgre, Nikolai Astrup hevdar at «Vi har gjort Osloskolen til landets beste» tyr han til den same propagandaen, at måten Høgre styrer Osloskolen på har gjort den til landets beste. Det har aldri vore sant. Og det er det ikkje no heller.

Av Simon Malkenes, lektor og forfattar, trykt i VG 7. april 2015