Lanserast på Litteraturhuset i Oslo tirsdag 26. januar kl 20. Samtale mellom Cathrine Holst, Hilde Sandvik, Bent Sofus Tranøy og Gunnar Skirbekk.
Kriser vil komme, igjen og igjen. Ikkje av eitt slag, ikkje langs éin dimensjon, men ved eit uoversiktleg samspel av mange faktorar. Ein kan bli skremd av mindre.
Som statsborgar i velorganiserte demokratiske rettsstatar kan vi velje og bli valde, demonstrere og organisere oss, delta i debatten og halde oss oppdaterte på det som skjer og på det som kan gjerast. Som statsborgar i kriseramma moderne demokrati har vi makt, kvar på vårt vis, og dermed også medansvar.
Dette er bakteppet for denne boka, Krise og medansvar, ei samling politiske skrifter i skjeringspunktet mellom aktuelle utfordringar og filosofisk refleksjon. Tolv tekstar av Gunnar Skirbekk med fokus på politikk og ekspertise, religion og modernitet, kultur og identitet, filosofi og øko-etikk.
På lanseringa blir det samtale mellom:
Bent Sofus Tranøy, professor Høgskolen i Hedmark
Cathrine Holst, seniorforsker ARENA Senter for europaforskning
Hilde Sandvik, kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende
Gunnar Skirbekk, filosof og forfattar