Dag O. Hessen er nominert til Brageprisen for sin bok Verden på vippepunktet.
Les juryens begrunnelse for nominasjonen til årets beste sakprosa:
«Truende og komplekse problemer og mange motstridende meldinger er det vi stilles overfor. Hva er sant, usant og usikkert, og hvordan henger det sammen? Hva vet vi, og hva tror vi?»
Dag O. Hessen er klimaforskar og professor i biologi. Det er god grunn til å lytte når han hevar røysta. Boka hans byrjar med klimabrølet ved Stortinget 30. august 2019, der fleire tusen menneske stod samla om kravet om politisk handling for å møte klimautfordringane. Det må gjerast meir og det må gjerast raskare. Det blir stadig mindre natur og stadig meir klimagassar. Dette er ikkje skremselspropaganda. Hessen informerer om situasjonen frå biologens ståstad og freistar å nærme seg svar på kor ille det kan bli, kva veg det kan vippe når økosystema og planeten reagerer på vår framferd. Han er ein meisterleg formidlar som klarar å gjere ein fagleg tung tematikk forståeleg for dei aller fleste, og få oss til å forstå alvoret i situasjonen i enda større grad enn før. Verden på vippepunktet er ei balansert, tankevekkande og velskriven bok om ei særs presserande sak, ei bok så viktig at ein gjerne vil at alle skal lese henne.