Kva vil det seie å vere norsk i ei tid med masseinnvandring og raske endringar? Og kva kan vi lære av historia? 

Tysdag 3. mai held filosof Gunnar Skribekk foredrag i Aasen-tunet på Ørsta.

Kriser vil kome, igjen og igjen. Ikkje av eitt slag, ikkje langs éin dimensjon, men ved eit uoversiktleg samspel av mange faktorar. Ein kan bli skremd av mindre. Det seier forfattaren og filosofen om boka på nettstaden sin. Som statsborgarar i velorganiserte demokratiske rettsstatar kan vi velje og bli valde, demonstrere og organisere oss, delta i debatten og halde oss oppdaterte på det som skjer og på det som kan gjerast. Som statsborgar i kriseramma moderne demokrati har vi makt, kvar på sitt vis, og dermed også medansvar.

Dette er bakteppet for boka «Krise og medansvar», som er ei av bøkene Skirbekk tek utgangspunkt i. Han kjem også inn på tema han tok opp i boka «Norsk og moderne», som er eit bidrag til omgrepsorientert folkeopplysning for gamle og nye landsmenn. Verket er samtidig ein politisk pamflett som rører ved definisjonsmakta på eit sensitivt felt: Kva vil det seie å vere norsk og moderne? Kven er vi, og korleis vart vi det? Og kva inneber det å vere medborgar i dette samfunnet?

Arrangementet startar kl 19.00.