– Boka om dei viktigaste økonomiske krisene i Noreg dei siste hundre åra bør bli obligatorisk for økonomisk interesserte, politikarar og historikarar, som ofte underkjenner den delen av historia, skriv Karsten Alnæs i Dag og Tid. 

Trond Gram skildrar fyrst nedgangsåra etter napoleonskrigane og held fram med bankkrisene i 1880, som byrja med underslaget og spekulasjonane til ein banksjef i Arendal. Vidare tek han for seg det store krakket i slutten av 1890åra, som hadde Kristiania som episenter og seinare breidde seg over heile landet. Same ulukka forårsaka også det brennheite spekulasjonsklimaet etter fyrste verdskrigen, som førde til bratte fall og spektakulære konkursar. Til slutt fortel forfattaren om dei to siste økonomiske jordskjelva i norsk historie, bankkrisa i 1990-åra og finanskrisa i 2008 og 2009.

Gram skriv journalistisk og er lite tyngd av ein sosialøkonomisk og sosiologisk sjargong. Han veit han kan fange lesaren gjennom spanande enkelthistorier, og gjer det. Det er eit godt grep å presentere dei store finanshaiane i heftig aksjon, både som luksusdyr, kjeltringar og urealistiske drøymarar, men også som barn av si tid. Han leverer ei rekkje slåande portrett av hovudpersonane, av finansrusen deira, av spelarinstinktet, av sjølvbedraget og av svindelverksemda, som ofte var storslegen. Han skildrar også dragsuget som drog den eine etter den andre med seg. Fleire av hovudpersonane hamna bak lås slå, banksjefen frå Arendal sat såleis så mykje som seks år på Akershus.

Gram syner i kvart tilfelle korleis dei offentlege kontrollfunksjonane svikta, og korleis det igjen førde til store konsekvensar for heile samfunnet. Krisa i 1880-åra tvinga såleis Stortinget til å vedta ei lov om sparebanker som slo fast at det skulle vere ein sparebankinspektør. Men det tok tretten år før ein slik ein vart tilsett, og først 25 år etter vart det oppretta eit offentleg tilsyn med forretningsbankane.

Særleg susar det, synest eg, over skildringa av jobbetida i Kristiania i 1890-åra, der forfattaren mellom anna brukar Christian Krohg som kjelde for å fange stemninga. Men dei to siste krisene, der politikarane var innblanda på ein særleg lite heldig måte, er også tekne på kornet. Det er ikkje lang tid sidan. Han syner også korleis krisene heng saman med dei internasjonale fluktuasjonane, sjølv om eg personleg synest han legg for lite vekt på den internasjonale samanhengen, særleg når det gjeld krisa i 1990-åra.

Det viktigaste som boka har på hjarta, er likevel framstillinga av den verknaden krisene har hatt for livet til vanlege menneske i by og bygd. Det var arbeidsfolk, handverkarar, småspararar, leigebuarar som opplevde dei økonomiske tragediane på huda, og det på ein heilt annan og meir eksistensiell måte enn finansbaronane og konsernsjefane gjorde det. Det er heller ikkje dei mange torpederte og for lengst nedsøkkte bankane, og ikkje dei store havarerte handelshusa og konserna som var taparane, men vanlege menneske. Det får Gram fint fram.

Når det gjeld den fyrste krisa, skriv Gram at ho fann stad i 1820. I røynda var krisa då i ferd med å bli løyst. Noreg fekk fyrste statslånet sitt og to år seinare eit endå større. Rett nok gjekk hundre handelshus over ende mellom 1817 og 1822, men det største elendet i norsk økonomisk historie rådde mellom 1814 og 1820, botnen nådde ein i 1816. Dette er likevel ei mikroskopisk innvending mot ei særs leseverdig bok.

«Det er eit godt grep å presentere dei store finanshaiane i heftig aksjon, både som luksusdyr, kjeltringar og urealistiske drøymarar.»

Av Karsten Alnæs, trykt i Dag og Tid 18. desember 2015