– Dagbøkene til Aleksandra Kollontaj er eit godt skråblikk på både norsk historie og diplomati. Og på «kamerat» Stalin, skriv Gudmund Skjeldal i Bergens Tidende.
«Nå har det skjedd. Begivenheten vi har ventet så spent på, som vi har arbeidet for i mer enn ett år, nå har den funnet sted. Jeg både tror og kan ikke tro det. I Stortingets plenumsmøte i går kveld fremmet regjeringen forslaget om å opprette normale diplomatiske forbindelser mellom våre to land. De jure – dette sakrale begrepet – er et faktum.»
Dette er Aleksandra Kollontajs dagboknotat frå den 14. februar i 1924, gjort om morgonen. Kvelden før hadde den sovjetrussiske handelsrepresentasjonen feira på Engelbrets Café i Kristiania, der dei åt, heldt talar, og drakk: «Kovalevskij gråt, og Body fikk det for seg at han skulle synge. Jeg stoppet ham.»
Men dagen etter hadde uro sige inn. Stortingets bestemming hadde ikkje vore samrøystes. Og telegram hadde ikkje blitt sendt til alle dei rette kanalane i Moskva og om det formelt halvferdige; avisene der kunne komma til å offentleggjera anerkjenninga for raskt. Dessutan hadde Kollontaj gløymt å be medarbeidaren Roza Kogan på festen. Ho skreiv i dagboka si: «Nei, det var mye hyggeligere å arbeide i kvinnebevegelsen, drive agitasjonsvirksomhet ved fronten eller være folkekommissær for sosialomsorgen. Diplomatiet er bare forviklinger, hindringer, og evige bekymringer.»
Aleksandra Mikhajlovna Kollontaj (1872-1952) var diplomat i Norge i åra 1922-1930, med eit opphald i Mexico i åra 1926-27. Ho var leiar av den sovjetrussiske representasjonen, formelt minister for legasjonen frå 1924, eller så godt som den første kvinnelege ambassadøren i verda. No har historikarane Åsmund Egge, Sven Holtsmark og Aleksej Komarov fått gjeve ut dagboknotata hennar på norsk, med eit fyldig føreord og eit imponerande fotnoteapparat. Det einaste som manglar er utfyllingar om Kollontajs privatliv.
Kollontaj skulle eigentleg ikkje vore i Norge. Ho var dotter av ein russisk general, og gifta seg eigentleg under sin klasse. Men alt i 1898 forlét ho denne ingeniøren – og eit fireårig barn – og studerte økonomi i Vest-Europa. Ho blei revolusjonær, og medlem av det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet.
I åra før og under første verdskrigen reiste ho omkring som politisk agitator og skribent, og var mislikt i USA, og stundom arrestert, som i Sverige. Ho kom under innverknad av Lenin, og blei ein av dei fremste bolsjevikane etter revolusjonen, ja faktisk folkekommissær for sosial velferd, og dermed den første kvinnelege regjeringsmedlemmen i moderne tid.
Men denne karrieren fekk ein knekk på grunn av usemje med partilinja, og ho blei sendt til Norge og avkroken Kristiania for å arbeida med handels- og grensespørsmål, fisk og prosaisk tømmer. Dette var før Stalin kom til suveren makt, og opposisjonelle blei stilt for retten, og skotne.
Kollontaj likte seg likevel i Norge. Stundom gjekk ho lengre enn ministerposten hennar hadde dekning for, men utan at dette skadde stillinga eller omdømmet hennar på sikt. Aleksandra Kollontaj var eit fenomen og ein politisk kjendis i Norge. Ho blei særleg godt kjend med venstrehøvdingen, statsministeren og skipsreiaren Johan Ludwig Mowinckel, og besøkte han gjerne på landstaden på Os. Ein får artige sideblikk og til tider heilt nødvendige korrektiv på norsk politisk historie gjennom dagboksnedteikningane. Det same gjeld diplomatiske protokollar og latterlege detaljar, både før og no.
Aleksandra Kollontaj var også skjønnlitterær forfattar. «Diplomatiske nedteikningar 1922-1930» har såleis eit litterært tilsnitt. Som frå hausten 1925: «Jeg har alltid følt en underlig misunnelse når jeg ser et tog dra av gårde eller kjøre forbi. Der skulle jeg ha vært! … Jage av gårde mot det fjerne Og omvendt, når du ser ut av togvinduet får du en ubendig lyst til å gå på den stien som løper fra banelegemet og snor seg over en eng eller løper inn i skogen.» Lengta speglar den politiske dirringa i diplomattilværet hennar.
Dagboksnotata til Kollontaj kan ikkje lesast som historiske faktum, eller det historiefaget kallar forteljingar, slik heilt utan vidare. Om dette skriv Egge, Holtsmark og Komarov godt. For det første redigerte ho skriftene sine etter ho kom til Moskva etter andre verdskrigen. For det andre skreiv Kollontaj alltid med tanke på Josef Stalin. Den som ville overleva i maktapparatet hans, måtte halda seg inn med «kamerat Stalin». Kollontaj var av dei få som slapp unna statsterroren. Det er både rørande korleis ho skriv om deportasjonane av såkalla «kulakker» eller jordeigande bønder, og opprørande korleis ho forklarer nødvendigheita av det.
Glimta av Stalins tvangskollektivisering er ein uhyggeleg – og på same tid dramatisk – finale for ei høgst leseverdig bok.
Av Gudmund Skjeldal, trykt i Bergens Tidende 11. desember 2015