– Som samtidsdokument er nedteikningane til den russiske diplomaten Madame Kollontaj viktige, skriv Tormod Valaker i ei bokmelding i Dag og Tid. 

Ho var ei vakker og omsverma overklassejente frå St. Petersburg, oppvaksen med barnepiker, tenarar, kuskar, kokkar og dei beste pedagogane i «Piter» som lærde henne engelsk, tysk og fransk. Far til Aleksandra Mikhajlovna Kollontaj (1872–1952) hadde ukrainske røter og var militærintendant hos tsaren, men han hadde ord på seg for å vere frilyndt. Mora var dotter til ein finsk bonde.

I tenåra vart Aleksandra med kjælenamnet Sjura oppvarta av den seinare tsar Nikolai II og var ein velsedd ballgjest i Vinterpalasset. Men overklassejenta vart verken tsarinne eller hoffdame, i staden braut ho tvert over og vart ein glødande feminist, kommunist og den første kvinnelege diplomaten i verda, adresse Holmenkollåsen.

Dit kom ho første gong i 1915. Ho kom attende sju år seinare som sjef for legasjonen i «provinsielle» Kristiania. Kollontaj representerte dei nye makthavarane i aust i Noreg i to bolkar i åra 1922-30, berre avbroten av ein periode som ambassadør i Mexico. Det var Lenin som peika henne ut som den første kvinnelege diplomaten i historia. Kollontaj var nær knytt til han og kona Krupskaja. Etter at Lenin døydde i 1924, vart ho ein trugen ven og medspelar til Stalin, hennar Iosif Vissarionovitsj, ein venskap som varde livet ut.

Det er eit fascinerande stykke 1900-talshistorie som vert bretta ut i dei diplomatiske nedteikningane, i eit storstilt arbeid av historikarane Åsmund Egge, Sven G. Holtsmark og Aleksej A. Komarov. Det gjennomførde omsetjingsarbeidet er gjort av Dina Roll-Hansen i samarbeid med Steinar Gil, som gjorde eit likeins framifrå arbeid med omsetjinga av Valerij Grossmanns monumentale epos Liv og skjebne.

Notata til Kollontaj må lesast for det dei er verde, som minna til ein sentral politisk medspelar. Mange innføringar er gjorde og «retta opp» seinare. Ho tek lett på mange fakta og hugsar stundom feil mange år etter. Andre hendingar er pakka sirleg inn og fortolka på sin måte, til dømes den omsynslause terroren som Stalin gjennomførde. Det må ha vore ei krevjande øving å sameine minnet og ei dokumentert fortid med krava til det sovjetisk politiske korrekte. Rundt seg hadde ho jo sett korleis gamle vener og allierte berre forsvann. Nedteikningane berre skrapar i overflata av dette fenomenet, poengterer redaktørane.

Kollontaj visste kva som gjekk føre seg i Moskva, og utreinskingane i det forferdelege året 1937.

I Aufzeichnungen aus den Jahren 1922 bis 1945, Mein Leben in der Diplomatie (2003) kjem det fram at ho i eit møte i Folkeforbundet i 1937 fekk utførleg informasjon av diplomaten Jakow Suriz. Men Kollontaj valde å teie og lét vere å gi uttrykk for uro over arrestasjonane og dødsdommane.

Andre er skarpare i tonen. I Stalin. Den røde tsarens hoff (Cappelen 2003) sveipar Montefiore innom Kollontaj. «Flere av hennes berømte elskere ble skutt under den store terroren. Men likevel overlevde hun selv. Kanskje brevene hennes til Stalin, alltid adressert til ‘høyt respekterte Iosif Vissarioniovitsj’ med ‘vennlige hilsener fra et åpent hjerte’ (…) appellerte til hans ridderlige følelser. » Det er vanskeleg å finne spor av kritikk hos Kollontaj. Ho står fram som ein trufast forsvarar, nærast ein apologet av Stalin, og ho fordømde kraftig dei få tilfella av avhopparar ho opplevde i den norske og den svenske legasjonen.

Som samtidsdokument og skildring er nedteikningane likevel særs viktige, det same er ikkje minst dei nære og treffande personkarakteristikkane hennar. Ho fekk eit fortruleg forhold til statsminister Johan Ludwig Mowinckel og vitja familien privat på Moldegaard-godset deira på Os utanfor Bergen. Med Mowinckel drog ho effektivt i trådane då Stortinget i eit historisk kveldsmøte 13. februar 1924 gjorde vedtak om å opprette diplomatisk samband mellom dei to landa. «De jure – dette sakrale begrepet – er et faktum», noterte ho «berusa av glede» i dagboka morgonen etter.

Men ein diplomat må også levere sine akkreditiv. Så også med madame Kollontaj. Då den strikse protokollsjefen Foss kalla henne inn til audiens hos kongen, fekk ho ein smule panikk. Foss ringde nemleg om ettermiddagen laurdag 6. september og informerte om at audiensen var fastsett til måndag kl. 11. Madame Kollontaj hadde ingen kjole ferdig og bad om utsetjing. «Ein audiens hos Hans Majestet kan ikkje utsetjast», svara Foss spist.

Etter mykje om og men møtte ho kl. 9 måndag i Robsahms kjolebutikk. Der sydde tilskjeraren knappar og hemper på gallakjolen, medan ho hadde han på.

Tilhøvet til kongen var prega av venskap, i motsetnad til dronning Maud. I 1946 dekorerte kongen henne med Storkorset av Den Kongelige St. Olavs Orden. Det var same året som ei rekkje skandinaviske parlamentarikarar lanserte henne til Nobels fredspris.

Ho knytte personlege og tette band til framståande kvinnesaksforkjemparar i Noreg. Rachel Grepp, journalist i Arbeiderbladet, vart ei hjarteveninne. «Aleksandra har eit hjarte som ei kvinne, og ein hjerne som ein mann», sa ho. Venskapen med Rachel, enkja etter den tuberkuløse DNA-formannen Kyrre Grepp (død 1922), er ei historie i historia. Rachel Grepp var dotter til skipsreiar Helland i Bergen, og ho også voks opp omgjeven av velstand, men braut ut. Stor var forskrekkinga i det brave bergenske borgarskapet då dottera til skipsreiar Helland trumfa gjennom giftarmål med den fattige nordlandsstudenten og sosialisten Kyrre Grepp. Nett som Aleksandra hadde trumfa gjennom ekteskapet med fetteren sin, den ubemidla ingeniøren Vladimir Kollontaj.

I Noreg fekk Kollontaj ei viktig og medviten rolle som kulturelt midtpunkt og formidlar for den unge sovjetstaten i «sitt andre fedreland». I legasjonen (det heitte det den gongen) var Roald Amundsen og Fridtjof Nansen velsedde gjester. Det same var Arnulf Øverland og Nordahl Grieg, målarane Per Krogh og Henrik Sørensen, komponisten Christian Sinding og skodespelarane Ingolf Schanche, Hans Jacob Nilsen og Agnes Mowinckel, fortel legasjonssekretæren Nina Krymova i ein minneartikkel.

Kollontaj las tidleg teikna på den komande fascismen og dei spreidde ansatsane som fann vegen til Noreg. «Bildet av Tyskland er klart. Jeg ser ikke noen indre kraft som kan hemme nazismens rolle i landet», skreiv ho i september 1929. I dagboka for 10. april 1929 peika ho ut norske Samfundsvernet som ein fascistisk organisasjon. Ho var ikkje langt unna sanninga.

Ho vart utnemnd på same posten i Sverige hausten 1929. Ho sakna Noreg, «landet som er mest vennlig innstilt til oss», som ho skreiv til Iosif Vissarionovitsj, og det tok lang tid før ho fann seg til rette blant grevane og baronane som sirkla rundt kong Gustav V. Men det var også i Stockholm karismatikaren Aleksandra Kollontaj hausta den største diplomatiske triumfen då ho stod heilt sentralt i arbeidet med å få slutt på den finsk-sovjetiske krigen i 1944.

Av Tormod Valaker, trykt i Dag og Tid 12. februar 2016