Cover - Likeverd

Er likeverdet norsk? – Er det sveitsarane eller vi som har demokrati? 

Spørsmålet i ingressen til denne meldinga kjem frå siste avsnitt i boka Likeverd. Grunnlaget for demokrati, redigert av geografen Arild Holt-Jensen og historikaren Ståle Dyrvik, professorar emeriti frå Universitetet i Bergen.

For ein statsvitar er det noko frigjerande over å lese ei bok om demokrati utan ein einaste fagkollega blant seksten forfattarar. Men det er kanskje òg difor eg ikkje er heilt samd i konklusjonane deira: at vi har ein gamal og grunnfesta tradisjon for likeverd spesiell for Noreg, og at det norske demokratiet og likeverdet er utfordra i dag.

Eg trur ideane om likeverd kjem frå ein felleseuropeisk arv, og at demokratiet og likeverdet står sterkare i Noreg enn nokon gong. Likskapen er det kanskje annleis med, men kva gjer det? Ulikskap er ikkje udemokratisk.

«Det er likeverd som er det sentrale, likeverd på tross av ulikheter! », skriv Holt-Jensen på fyrste side i boka. Referansen er sjølvaste Bibelen. Eg kunne ikkje ha vore meir einig. Demokrati handlar ikkje om likskap, men respekt for ulikskap gjennom prinsippet om likeverd. Difor er eg òg litt skuffa når denne diskusjonen ikkje vart fylgd opp i dei andre kapitla, og når likeverd somme stunder vart forveksla med likskap.

Kapitla sprikjer i tema og form. Nokre av dei er særs empirisk orienterte. Til dømes «Norges egalitære røtter – en arv fra dansketiden? » frå Holt-Jensen, og «Det norske folkestyret på 1800-talet» frå Dyrvik. Begge gjev ein god bakgrunn for å forstå det særlege med det norske demokratiet, medan andre er langt meir normative og ser det norske demokratiet som særleg.

Når til dømes Stein Ørnhøi på side 55 skriv at «det store folkeflertallet var preget av kampen for det daglige brød», trur eg han har heilt rett. Men at «de følte seg som norske», er ein påstand det er vanskeleg å ta på alvor. Det same gjeld at det norske folket «uten forbehold» var «redde for svenskene». For noko tull! Då trur eg meir på Ottar Grepstads argument om at sjølv Ivar Aasen var «meir oppteken av innbyggjarane enn nasjonen» (s. 136).

I det framifrå kapitlet «Frå undersått til statsborgar» peikar Gunnar Skirbekk på eit særeige trekk ved norsk (og skandinavisk) historie: «det stridige samspelet mellom luthersk embetsstand og vellykka folkelege rørsler» (s. 69), og meiner dette samspelet har verka inn på kva politisk utvikling vi har hatt i Noreg fram til i dag.

Eg trur dette er rett, og eg likar at Skirbekk kallar utviklinga «ein grunnleggjande dynamikk i norsk modernisering og demokratisering». At «innslaget frå dei folkelege rørslene kan ikkje avfeiast som ‘motkultur’», er eg òg heilt samd i (s. 73).

Men eg stussar over om dette har skapt ein heilt spesiell tillit i det norske samfunnet og eit særeige grunnlag for ein vel fungerande norsk velferdsstatsmodell. «Vitskapane, demokratiet og velferdsstaten» (s. 77) er då europeisk tankegods – knytt til jødisk-kristen religion, gresk rasjonalitet og romersk rettsforståing? Slik vi kjenner det frå filosofien i opplysningstida? Sjølv «skriftmiljøet på Sunnmøre var europeisk opplysningstid i rein form», skriv Grepstad (s. 134).

«Er det sveitserne eller vi som har demokrati? » Ja, sei det. Eg fekk ikkje svaret på det spørsmålet i denne boka. Heller ikkje kvifor det norske demokratiet og likeverdet er spesielt utfordra i dag, anna enn gjennom den vanlege visa om at den ekstreme marknadsliberalismen har kome til landet og teke frå oss likskapen.

Eg trur heller grunnen er den underliggjande tanken boka er tufta på: Asle Tojes idé om at multikulturalismen er eit trugsmål mot den norske velferdsstatsmodellen.

Om dette er rett, må det vere fordi den særeigne gamle og grunnfesta tradisjonen for likeverd i Noreg ikkje går i hop med multikulturalismen. Men det trur eg heller ikkje på, for det går fint i andre land.

USA er til dømes eit multikulturelt og demokratisk samfunn, med eit usedvanleg sterkt innslag av sosial kapital i lokalsamfunnet. Er det amerikanarane eller vi som har demokrati?

«Eg trur ideane om likeverd kjem frå ein felleseuropeisk arv, og at demokratiet og likeverdet står sterkare i Noreg enn nokon gong.»

Jan Erik Grindheim arbeider i Civita og leier Europarørsla i Noreg. Trykt i Dag og Tid 22. april 2016.