Simon Malkenes
Skole og oppdraging er under angrep – frå marknaden. Den marknadsstyrte skolen krev ein skole som er effektiv, som gjev målbare resultat og som hevdar seg på PISA-rankinga. Den krev at elevane blir humankapital. Den krev privatisering og fagforeiningsknusing. Den krev fjerning av lønns- og arbeidstidsavtalar, kontroll av læraren, målstyring og instrumentell undervisning. Berre då kan vi overleve i den globale konkurransen, hevdar den. Berre då kan vi lage den nyliberale utopien, ”kunnskapssamfunnet”.
Siktemålet med boka er ein systemkritikk av den nyliberale skolen og ekstremvarianten ein finn i Oslo. Forteljinga frå Osloskolen skriv seg inn i ei større historie om ein politisk og ideologisk kamp om innhaldet i norsk skole. Kampen står om eleven, om skolen og om kva samfunn vi vil ha.