Marit Beate Kasin er tildelt NTNUs litteraturpris 2026 for sin bok «Naturparadokset». Forlaget gratulerer!
Prisen deles ut av Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet i Trondheim, og går til et norskspråklig skjønnlitterært verk av høy litterær kvalitet utgitt de to foregående årene og skrevet av en forfatter med tilknytning til Trøndelag. Ifølgje statuttane til NTNUs litteraturpris blir prisen tildelt på grunnlag av kriterier som kvalitet, originalitet og individuelt særpreg.
I sin begrunnelse sier juryen blant annet at:
«I ei verd prega av ei rekke parallelle og alvorlege utfordringar er det lett å tenkje seg at alt som skulle seiast om natur- og klimaspørsmålet allereie har vorte sagt, og at det er vanskeleg å skrive ei bok om dette emnet som ville bidra med noko nytt. Men Naturparadokset av Marit Beate Kasin viser oss at dette ikkje er sant. «Om alle berre skal lese éi bok om klimakrisa, burde det vere denne», konkluderte juryen for NTNUs litteraturpris. […]
Ifølgje statuttane til NTNUs litteraturpris vert prisen tildelt på grunnlag av kriterier som mellom anna kvalitet, originalitet og individuelt særpreg. Kasins bok er velskriven, utruleg veldokumentert og godt gjennomarbeidd. Forfattaren viser konkrete døme frå ulike delar av Noreg og varierer mellom avslørande skildringar og faglege diskusjonar. Vi les mellom anna om ein hyttedraum som har vorte marerittet for naturen, villrein utan villmark og arealkampar i nord. Lesaren ser tydeleg at utviklinga går i feil retning, både på eit lokalt og nasjonalt nivå. Slik vert Naturparadokset ei åtvaring om ein katastrofe på veg til å skje i det sjølvgode, miljøglade Noreg. Som NTNUs student Eskil Mørch Grova reflekterer: «I ei tid kor overforbruk og øydelegging av naturen i stadig aukande grad truar klimaet og nærmiljøet vårt, står boka fram som ei påminning om eigenverdien og relevansen til naturen». Samstundes blir det tydeleg påpeikt at det finst håp. I fleire tilfelle er det framleis mogleg å snu utviklinga, så lenge vi innfører drastiske tiltak. Det finst framleis ein sjanse for at den neste generasjonen arvar planeten i ein betre tilstand enn vi har arva han. Slik blir Naturparadokset ei bok som ikkje berre gjer oss merksam på ei miljøkrise vi kanskje ikkje heilt var klare over, men også inspirerer til konkret handling – ei bok som kanskje får oss til å bidra til ei positiv endring i den delen av verda vi bur i.»
Prisen deles ut 21. november under skaprosafestivalen Basta i Trondheim, velkommen hit
Kjøp Naturparadokset