Forfatterintervjuet: Hei Merete Røsvik, og gratulerer med boka Mellom menneske og manus som du har redigert saman med Anne Bitsch.

Kvifor skal folk lese denne boka?

– Tusen takk! Dette er ei bok spesielt for dei som vil skrive sjølv, eller som er opptekne av debatten om røyndomslitteratur og etikk. Her er det unike bakgrunnshistorier om arbeidet med gode bøker som har vore viktige for mange, både sakprosa og skjønnlitteratur.

– Kva var grunnen til at de gjekk i gang med dette prosjektet?

– Praktisk starta det med at Anne kontakta meg då eg var redaktør i Prosa med ein idé til eit slikt essay. Anne Bitsch har jo som forfattarar erfaringar eg ikkje har, og har reflektert mykje rundt etikken i å skrive om andre. Grunnen til at samarbeidet først resulterte i ein serie av essays i Prosa og så denne antologien, er at vi deler ei sterk interesse for kjensler som ein viktig del av rasjonaliteten. For meg betyr det at kjensler er ei kjelde til innsikt, men også at ein må granske kritisk korleis kjensler påverkar vurderingar.

Det dummaste ein gjer, er å tru at ein har ein slags «rein» rasjonalitet, upåverka av kjensler – difor ville vi gjerne høyre korleis forfattarar reflekterte rundt dette.

– Korleis vart du engasjert i dette?

– Eg har vore interessert i kjensler som tema i mange år, kanskje fordi eg har hatt eit visst utviklingspotensial på det området sjølv. Eg har også ein kristen bakgrunn som gjer at eg har reflektert mykje rundt etikk og moral. Det heng jo saman med kjensler, ikkje minst fordi vala ein tek påverkar andre.

– Og kva synes du at de har fått til?

– Eg er særs nøgd med valet av forfattarar fordi det har blitt så stor tematisk breidde. Dermed får vi belyst ei rekkje ulike situasjonar og problemstillingar knytt til etikk og metode i møte med menneske ein enten skal bruke som kjelder eller skrive om.

Det er engasjerande å lese om korleis forfattarane har reagert og tenkt undervegs i arbeidet med bøkene – dei viser oss gjennom konkrete døme at kjenslene både er enormt viktige som motivasjon, og påverkar val ein gjer.

Eg synes også det er bra at nokre deler anger og sjølvkritikk. Ikkje minst viser bidraga kor komplisert det i praksis er å handtere tema som vekkjer sterke kjensler hos mange, og kor vanskeleg det er å lage reglar som tar høgde for alt som kan skje i særs ulike research- og skriveprosessar.

– Frå bok til meir personlege spørsmål: Om du kunne fått oppfylt eitt politisk ønske, kva skulle det vært?

– Det er vanskeleg å velje berre eitt! Men full stopp i utbyggingar som øydelegg viktig naturområde står høgt på lista – og eg vil inkludere nye oljeplattformar i den kategorien.

 – Kva gjer du når du står fast i arbeidet ditt?

– Eg tar pause: søv, vaskar opp, går ein tur …  av og til jobbar hovudet best når det får vere i fred!

 – Kva gjer du helst når du har fri?

– På denne årstida har eg stor glede av å rusle rundt i den vesle hagen min og sjå korleis plenen blir til blomstereng. Eg er altså for å la dei tusen blomar bløme, berre ikkje skvallerkålet, for det tar over alt. Dessutan gir det meg sjelefred å nappe og luke. Her om kvelden såg eg noko som lyste raudt, og det viste seg at eg no har markjordbær i hagen!

Og med det ønsker forlaget god sommar til Merete! 

Anne Bitsch og Merete Røsvik: Mellom menneske og manus. Følelser og etikk og metode i litteraturen
ISBN 9788282262965
Kjøp boken her.