Per Olaf Lundteigen

Prosessen med kommunereforma syner eit demokratisk problem, meiner Per Olaf Lundteigen (Sp). Han etterlyser ein ordentleg debatt. 

Kommunaldepartementet er ikkje samd i at utgreiinga bak kommunereforma er eit bestillingsverk frå statsråd Jan tore Sanner (H), slik Sp-politikar Lundteigen hevdar.

– No er det viktig å få i gang ein ordentleg debatt om kommunereforma, det er heilt grunnleggjande viktig for kva me vil med Noreg og korleis ein organiserer kommunal sektor, seier Lundteigen.

Boka «Folkestyre eller elitestyre? Kommunereform i perspektiv» blei lansert på Litteraturhuset i Oslo denne veka. Redaktørane for boka er emeritus ved Universitetet i Bergen Alf Inge Jansen og professor i økonomi ved Høgskulen i Hedmark Bjarne Jensen. I boka er arbeidet med kommunereforma og bakgrunnen for denne analysert.

– Passar ikkje i eit kunnskapssamfunn 
Lundteigen meiner at boka syner at utgreiinga som ligg til grunn for reforma, er abstrakt og at ho tek lite omsyn til korleis maktforholda vil bli påverka.

– Utgreiinga skildrar lite konkret korleis denne reforma vil endre maktforhold mellom grupper, mellom landsdelar og mellom politikk kontra marknad, seier han.

Det er kome forslag om å kutte talet på kommunar frå 428 til om lag 100. Dette vil, ifølgje utgreiinga, føre til vekst og eit betre lokaldemokrati.

Lundteigen meiner rapporten som ligg til grunn ikkje byggjer på kunnskap, men ei overflatisk tilnærming utan verdi.

– Problemet er at skildringa av dei ulike alternativa er så overflatiske at ho ikkje har nokon verdi – det er så slett arbeid at eg blir oppgitt over at det er mogleg å gjennomføre ein slik praksis i eit land som prøver å karakterisere seg som eit kunnskapssamfunn, meiner Lundteigen.

Under boklanseringa blei det presentert tal som syner at folkevalde i kommunane vil bli redusert frå over 13.000 personar til om lag 7.000 dersom kommunesamanslåinga blir eit faktum. Dette vil ifølgje boka kunne føre til at interesser og verdiar i lokalsamfunn får mindre gjennomslagskraft, og at lokaldemokratiet blir svekt medan makta blir meir sentralisert.

– Liknar eit bestillingsverk 
Per Olaf Lundteigen meiner utgreiinga framstår som eit bestillingsverk frå statsråden, Jan Tore Sanner (H).

– Bakgrunnen for utgreiinga byggjer på ei vidareføring eller ein tradisjon der ein handplukkar folk til eit så kalla ekspertutval som gjennomfører den ideologien statsråden står for – deretter vert utgreiinga til utvalet presentert som noko nesten verdinøytralt, og framstilt som om departementet ikkje står ansvarleg for det. Dette er ein ukultur som utviklar seg, seier han.

Lundteigen etterlyser svar på kva problem ein skal løyse ved å gjennomføre kommunesamanslåingar.

– Utan å definere ei problemstilling fyrst så får ein ikkje ein klar gjennomgang av kva som er dei ulike løysingsalternativa for å løyse det eventuelle problemet, seier han.

Kan få store konsekvensar 
Boka tek også opp kva som kan bli ulike konsekvensar av kommunereforma.

– Kommunereforma vil innebere store kostnader og store effektivitetstap i norsk økonomi, seier Lundteigen.

Han peiker også på at dersom det skal bli gjennomført ei slik reform, så må det byggje på fri vilje og folkerøysting.

– Senterpartiet ønskjer fri vilje og folkerøysting, men me ser no at det er altfor liten debatt og altfor lite poengtering av kva som faktisk er problemet, seier Per Olaf Lundteigen.

– Ikkje eit bestillingsverk  

– Dette er ikkje eit bestillingsverk, avkreftar statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Grete Ellingsen i ein kommentar til Nynorsk pressekontor. Ellingsen argumenterer med at ekspertutvalet var sett saman av fleire ulike forskarar og praktikarar for å greie ut arbeidet med kommunereforma. Saman representerer dei allsidig og god kompetanse for heile kommunesektoren.

– I rapportane er det vist til fleire rapportar som peiker på både på fordelar og ulemper ved kommunesamanslåing. Ein såg også på faktiske konsekvensar av gjennomførte samanslåingar, seier Ellingsen.

Sterkare kommunar
Departementet vil ha sterkare kommunar som på sikt kan ta fleire oppgåver i dag, og at meiner det gir meir makt til lokalpolitikarane.

– Ekspertutvalet er tydelege på at kommunesamanslåingar vil ha konsekvensar for lokaldemokratiet, og viser at ulike indikatorar peiker i litt ulik retning når det gjeld storleiken på kommunar og demokratiske verdiar. Små kommunar har jamt over fleire folkevalde, høgare valdeltaking og meir retting på vallister ved lokalval, mens større kommunar er flinkare å legge til rette for deltaking mellom vala, seier ho.

– Valdeltaking er eit viktig mål, men ikkje det einaste målet for kva som utgjer eit godt demokrati, fortel ho vidare. Høg grad av interkommunalt samarbeid, som dei fleste små kommunar i dag er avhengig av, gir også mindre direkte kontroll til lokale folkevalde. Dette er også viktige element i eit godt og sterkt lokaldemokrati, svarer Grete Ellingsen på vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Av  Marianne Å. Friess. Publisert av Nynorsk pressekontor 14.4.2016  ©NPK