– Dette er eit dokument over presset og sjølvsensuren som fanst under diktaturet, seier Åsmund Egge til Klassekampen. Boka er å få i en bokhandel nær deg. 

Aleksandra Kollontajs diplomatiske notat frå 1920-talet vart redigerte i 1950. Slik er dei òg eit dokument om Stalin-Sovjet.

– Nest etter Vladimir Lenin, Josef Stalin og Lev Trotskij, er Aleksandra Kollontaj den russiske revolusjonære det har vorte skrive mest om, fortel Sovjet-kjennar og professor emeritus i historie, Åsmund Egge.

Saman med Sven G. Holstmark og Aleksej A. Komarov har Egge no redigert den norske utgåva av Kollontajs «Diplomatiske nedtegnelser 1922–1930».

Aleksandra Kollontaj stakk seg ut – ikkje berre som ein strålande politisk talar, men som kvinne i offentlege rom reserverte for menn. Etter revolusjonen i 1917 vart ho blant anna verdas første kvinnelege regjeringsmedlem som folkekommissær for sosial velferd. Posisjonen opna òg Den kommunistiske internasjonale (Komintern) for henne, der ho markerte seg som feminist.

For nordmenn har Kollontaj særleg interesse, i og med at ho budde i Noreg og sette spor etter seg her i to ulike periodar.

Først som aktiv eksilrevolusjonær under første verdskrig, frå 1915 fram til revolusjonsutbrotet i 1917. Sidan som diplomat, med avbrot, mellom 1922 og 1930.

– Kollontaj vart i praksis Sovjets første ambassadør til Noreg og med det også verdas første kvinnelege ambassadør, seier Egge.

Då Aleksandra Kollontaj kom til Oslo som diplomat hausten 1922, var det likevel som resultat av ei politisk «forvising».

– Ho var blant leiarane i Arbeidaropposisjonen, som etter revolusjonen kravde at arbeidarane måtte få større påverknadskraft samstundes som dei kritiserte undertrykkinga av opposisjonen i landet. Då Arbeidaropposisjonen lei nederlag i partiet våren 1922, markerte det slutten på Kollontajs politiske liv. Ho hamna i utanrikstenesta – langt frå det politiske maktsentrum i Moskva.

I Noreg var ho alt kjend, og i borgarlege krinsar var ho dels frykta frå sitt første opphald her.

– Det var medan ho var politisk agitator og aktivist. Under verdskrigen slutta Kollontaj seg til Lenins parole om å venda den imperialistiske krigen til ein borgarkrig. Dette var ikkje eit syn alle sosialistar delte, og her utøvde Kollontaj påverknad på ungdomsforbundet til Det norske arbeidarpartiet, seier Egge.

Kollontaj heldt også ein offisiell helsingstale frå Bolsjevikpartiet til Arbeidarpartiets landsmøte i 1915. Der møtte ho Martin Tranmæl, som ho vart personleg ven med slik ho også vart det med blant andre Kyrre og (særleg) Rachel Grepp. Seinare vart ho òg ven med Venstres sentrale utanrikspolitikar og statsminister Johan Ludwig Mowinckel og vann respekt som diplomat i Noreg.

Dei diplomatiske notata fortel at det dels er stor kontinuitet i spørsmåla som har prega norsk-russiske forhold. Det handlar om suverenitet på Svalbard, om deleline og sjøgrenser, fiske- og fangstrettar. Kollontaj var eit politisk menneske som gjekk lei av langdryge forhandlingar om norsk sildeeksport. Annleis var det med krangelen i Arbeidarpartiet.

– Då ho vende tilbake til Noreg, var Arbeidarpartiet i striden som førte til partisplittinga i 1923. Det stod om partiet sitt forhold til Komintern og dei såkalla Moskvatesane som regulerte medlemsvilkåra i den internasjonale partiorganisasjonen, men Kollontaj hadde eksplisitt instruks frå utanriksminister Tsjitsjerin om ikkje å leggja seg borti norske, innanrikspolitiske forhold.

Dette var ikkje så opplagt som ein kunne tru då Sovjet følgde to utanrikspolitiske løp. Det eine gjekk gjennom utanrikskommissariatet og Tsjitsjerin, som styrte Sovjets forhold til andre statar. Det andre gjekk gjennom Komintern, som arbeidde for ein samla kommunistisk politikk i alle medlemspartia.

Det interessante med Kollontajs rolle i den norske Komintern-striden er at ho brukte mest krefter på å åtvara Komintern mot å setja for harde krav til Arbeidarpartiet. Ho meinte det var avgjerande å hindra partiet i å sprekka.

– Ho argumenterte med at det ville gjera arbeidet hennar som diplomat vanskelegare. I denne perioden var det å få ei formell, de jure, godkjenning av Sovjetunionen det viktigaste spørsmålet for utanrikstenesta. Om Arbeidarpartiet vart splitta, ville den sovjetvenlege arbeidarrørsla mista makt i Stortinget.

I forordet til Kollontajs «Diplomatiske nedtegnelser 1922–1930» skriv også redaktørane at ambassadøren hadde sympati med Martin Tranmæl som leia fløya som ville bryta ut av Komintern, medan ho var sterkt kritisk til den Komintern-tru Olav Scheflo.

– Dette kan ha personlege årsaker, men ei anna forklaring er at skildringa av Scheflo er farga av at han seinare tok stilling for Trotskij i striden med Stalin, seier Egge.

Det siste poenget rører ved den spesielle konteksten for «Diplomatiske nedtegnelser 1922–1930».

– Kollontaj redigerte dagbøkene då ho var tilbake i Moskva på byrjinga av 1950-talet. Mykje tyder på at redigeringa var omfattande og styrt av tanken på at Stalin var lesaren. Blant anna distanserer ho seg frå alle som seinare vart trotskistar, fortel Egge.

– «Dagbøkene» – eller memoarane som det i realiteten er – er ikkje pålitelege når det gjeld fakta, men heller ikkje når det gjeld Kollontajs eigne meiningar.

Egge meiner likevel at dei reflekterer forfattarens syn på verda under skrivinga, som her vil seia redigeringsepoken snarare enn diplomatepoken.

– Dette er eit dokument over presset og sjølvsensuren som fanst under diktaturet. I tillegg til redigeringane, skreiv ho til Stalin personleg og presiserte at materialet sjølvsagt ikkje var meint for publisering før om 20–30 år.

Den kritikken Kollontaj tillèt seg vart skriven i separate dokument som ikkje er ein del av den offisielle dagboka. Her kjem mellom anna hennar motstand mot dødsstraff fram. Ho refererer også ei vitneskildring av den brutale deportasjonen av «kulakkane», bøndene som sette seg imot tvangskollektiviseringa.

– Då let ho vera å nemna namnet på vitnet.

Det har vorte spekulert i korleis Kollontaj kunne overleva terroren på slutten av 1930-talet då dei fleste frå Arbeidaropposisjonen og mange frå diplomatiet vart avretta eller hamna i fangeleirar slik boka sine kortbiografiar på alle omtalte fortel.

– Svaret er truleg at Stalin fann henne nyttig som diplomat og at ho ikkje representerte noko trugsmål. Det at ho var så kjend gav henne også eit visst vern mot forfølging, seier Egge.

Kollontaj var med sin kjendisstatus og karisma ein levde propagandaplakat for Sovjetunionen. Trass i at ho vart politisk utstøytt i 1922, var ho lojal overfor Stalin og sovjetstaten livet igjennom.

Aleksandra Kollontaj døde i 1952, året før Josef Stalin.

Av Guri Kulås, trykt i Klassekampen 17. oktober 2015