Bjarne Jensen

Bjarne Jensen

Mykje av argumentasjonen som kommunereforma er bygd rundt er ikkje belagt med fakta og forsking, meiner professorar bak ny bok. Difor gir dei ut ei artikkelsamling som byr på fakta litt på tvert av rådande sanningar brukt i debatten. 

Bjarne Jensen, professor i forvaltingsøkonomi ved Høgskulen i Hedmark og Alf-Inge Jansen, professor emeritus ved institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap ved Universitetet i Bergen har redigert boka. I tillegg til at dei har skrive nokre av artiklane som er med.

Summerer opp kunnskap  

– Boka har to føremål. Vi ønskjer å bidra med meir grunnleggjande forståing av kva ein kommune er, korleis kommunesystemet eller styringa av lokalsamfunn er utvikla i Noreg og kva kommunane betyr for det norske samfunnet. Det gjeld både demokrati, regional utvikling, kor nøgde innbyggjarane er med kommunale tenester og kommunestruktur, seier Jensen.

Andre føremålet er det forfattarane kallar å auke forståinga, både av tydinga og konsekvensane av framlegget til kommunereform frå regjeringa til Erna Solberg

Ser ikkje dokumentasjonen  

Artikkel for artikkel tek dei for seg dei vanlegaste argumenta for å slå saman norske kommunar til større einingar.

– Det finst ikkje dokumentert at det er meir demokrati i store kommunar, at tenestene er betre og den regionale utviklinga betre. Tvert om så er det dokumentert at demokratiet fungerer betre i små kommunar, og at innbyggjarane der er mest nøgde med dei kommunale tenestene, seier Jensen.

– Det er heller ingen ting som dokumenterer at det å leggje ned små kommunar vil føre til sterkare vekst i distrikta. Det vil vere det motsette som skjer.

Av Janne Grete Aspen. Trykt i Nationen 11.4.2016.