– Ein velferdsstat som vår er eit særsyn i historia. For å berge den, trengst grenser og nøysemd, skriv Gunnar Skirbekk. Skirbekk er aktuell med ny bok på Res Publica i januar «Krise og medansvar». 

«Vi greier det», sa Angela Merkel – som eit signal om at Tyskland var open for å ta imot flyktningar frå Syria, utan antalsbegrensning. Wir schaffen das.

Men kven er vi? Ordet skjuler klassemotsetningar. For, alle «vi» som sit rimeleg trygt i det, vil vel «greie det», sjølv om skattane går noko opp og trygdene noko ned. Men kva med arbeidarklassa og «prekariatet»? For underklassa kan det sjå annleis ut. Det kan det også for samfunnet på sikt.

Mykje har skjedd på kort tid, også i debatten her heime. Men gamle tankemønster er vonde å vende, og dét er krevjande for eit demokrati der «alle skal med», så i møte med nye realitetar er det stadig behov for å halde debatten levande. Her er nokre merknader.

Masseinnvandringa vil i første omgang belaste velferdsbudsjettet. Men etter kvart skal dei nykomne ut på arbeidsmarknaden. Av eigeninteresse og for samfunnets beste. For, velferdsstaten vil ikkje bestå om ikkje folk flest er i arbeid. Men tidspunktet er ugunstig. Det er økonomiske nedgangstider med stigande arbeidsløyse, og press på arbeidsløner og arbeidsforhold, ikkje minst på grunn av arbeidsinnvandring ut frå EØS-avtalen – jamfør løns- og arbeidsforhold i bygg og reinhald. Computerisering, med tap av tradisjonelle arbeidsplassar, gjer vondt verre.

Inn i dette skal det no komme store mengder av nye arbeidstakarar. Dersom språkkompetanse og annan yrkeskompetanse ikkje er på topp, vil dette føre til eit massivt tilbod av lågt kvalifisert arbeidskraft, som vil gi ytterlegare press på løner og arbeidsforhold. Kort sagt, dei som skal «greie det», dei som primært må bere børene ved masseinnvandringa, det er underklassa. Utsegna «vi greier det», er ikkje klasse-nøytral.

Ei slik utvikling kan føre til frustrasjon og uro i arbeidarklassa og prekariatet, både hos dei nykomne som hadde andre forventningar, og hos dei som allereie var her og som risikerer å få ei forverring av levekåra. Dermed kan det oppstå spenningar og konfliktar, ikkje berre vertikalt, retta mot politikarane og overklassa, men også horisontalt, mellom dei mange som konkurrerer på arbeidsmarknaden. Riktig ille vil det bli dersom markante grupper av nykomne endar opp som permanent underklasse i form av etniske og religiøse parallellsamfunn – ille for dei det gjeld og ille for samfunnet. Då kan konfliktnivået bli betydeleg, med fare for valdelege reaksjonar.

Samtidig vil skilnadene i løner og livsvilkår, mellom dei velståande «vi» og dei andre, auke ytterlegare. Det betyr større ulikskap i samfunnet og auka press på det som enno finst av ein egalitær og tillitsbasert samfunnsorden.Kva seier politikarane, her hos oss? I den monn dei lyftar blikket utover dei akutte problema – pengar og plassering, og retur for dei som ikkje har rett til opphald – er standardsvaret: Arbeid! Få dei ut i arbeid! Velferdsstaten krev det! Integreringa krev det! Vel og bra. Men få talar om problema rundt neste sving, når dei mange nykomne skal ut på arbeidsmarknaden.

Så er det integreringa. Gjennom arbeid, for dei som er i arbeid. Gjennom skulegang, saman med norske ungar. Ved opplæringskrav for norsk statsborgarskap. For, ein statsborgar har med-makt og dermed med-ansvar. Som statsborgar må ein (på rimeleg vis) kunne språket, forstå sakene, skjønne samfunnet. Manglar dette, kan ein vere kunde og klient, og rettsstatleg undersått, men ikkje statsborgar, reelt sett.

Dessutan, som statsborgar i eit moderne rettsstatleg og vitskapsbasert demokrati, med ein generell og sjenerøs velferdsstat, er det visse holdningar og dygder som må på plass. Den som vil nyte godt av institusjonane, må leve opp til føresetnadene for at dei skal fungere – grunnleggjande lojalitet og tillit, allmenn solidaritet utover familie og klan, skilje mellom rettsvesen og religion, mellom yrkesroller og privatliv, og ei erkjenning av at vi er feilbarlege og at vi i eit moderne demokrati treng open og opplyst diskusjon og praksisbasert læring av ulikt slag, og dermed ei open holdning til kritisk tenking og vitskapleg innsikt. Kort sagt, moderne institusjonar krev kulturell modernisering.

Livsformer og holdningar som er funksjonelle i statslause samfunn, er ikkje gangbare i moderne statssamfunn. Derfor er det påkravd med klar tale og klare krav både i undervisningsopplegg og innføringsprogram. Vellykka integrering krev kulturell modernisering.

For, det er ille med dei «halvmoderne», som kombinerer moderne teknologi og religiøs fundamentalisme, som om opplysningstida aldri fanst (anten det er i Midtausten eller Midtvesten), men aller verst er kombinasjonen av moderne våpen og førmoderne holdningar og aksjonar – ein konstellasjon som gir assosiasjonar til 11. september og til ideologien bak 22. juli.

Slik verda ser ut, med utfordringar på mange plan, faktorar som ofte interfererer med kvarandre på uforutseieleg vis – økonomiske, demografiske, økologiske (t.d. med fare for omfattande klimaforandringar), og politiske (med svake og sviktande statsdanningar i mange sårbare område) – i eit slikt verdssamfunn kan massevandringar bli eit vedvarande problem. Det går ikkje over med krigen i Syria. Det er derfor på høg tid at vi tenkjer nytt og langsiktig, i tillegg til at vi på beste vis prøver å hanskast med dei akutte utfordringane.

Vi må tenkje nytt om institusjonelle ordningar og juridiske omgrep, tilpassa nye tider. For eksempel, kva vil det seie å vere flyktning, med vernebehov, i eit slikt framtidsperspektiv, med spenningar og konfliktar av mange slag? For å setje det på spissen: Er det faren for å bli sendt til Auschwitz som er paradigmaet på vernebehovet, som flyktning? («Ninas barn» hadde to timar på å komme seg ut og vekk, andre hadde to minutt, for å flykte til Sverige og unngå gasskammeret.) Eller er det nok med eit håplaust liv utan framtidsvoner? Eller noko ein stad imellom? Men kor då? Og kvifor nettopp der?

Asylinstituttet er viktig. Retten til vern må vernast. Men definisjonen av flyktning har endra seg. Han har blitt vidare og vagare. Samtidig har verda endra seg. I dag er det millionar av menneske, til dømes frå krigsområda i Syria og Irak, som kan rekne med og håpe på å få opphald i Europa, som flyktningar – berre dei greier å komme seg dit. Med status som flyktning kan dei få opphald, når dei først er der; men dei kan ikkje reise dit på regulært vis. Ein dobbel kommunikasjon, frå europeisk side. Dermed held masseinnvandringa fram, med tragediane undervegs. Og slik verda ser ut, med kriser og konflikt, i tillegg til krig, vil dette vare ved, og truleg auke på.

Situasjon er uhaldbar, både etisk og realpolitisk. Nytenking må til. Institusjonar og definisjonar må tilpassast ei ny tid. Eitt grep vil vere å justere definisjonen på ein flyktning, i samsvar med utgangspunktet, erfaringane frå naziregimet – slik det var for «Ninas barn» og alle dei andre som måtte flykte for livet.

Utover dette trengst så mangt. Solidaritet over landegrenser, over klassegrenser, og med kommande generasjonar. Bistand og hjelp i nærområda! – ja, rikeleg, men utan illusjonar. Sør-Sudan var ingen suksess. Utan fungerande statar hjelper ingenting (skal vi tru Francis Fukuyama, som argumenterer for eit samspel mellom profesjonell og ukorrupt statsforvaltning, rettsstatleg lovstyre, og demokratisk kontroll av makta). Og så er det økologien og klimaendringane, som kan føre til krise og konflikt, og masseutvandring – der det kanskje ikkje er noko land å reise tilbake til, fordi det er tørka ut eller står under vatn. Lett blir det ikkje.

Ein generell og sjenerøs velferdsstat, i eit velregulert moderne demokrati, med ukorrupt og profesjonell forvaltning, det er eit særsyn i historia. Det er ikkje mange stader det finst. Ei sårbar og særeigen ordning, som har sine føresetnader av ulikt slag. Til dømes er det slik at ein generell og sjenerøs velferdsstat, som den norske, og ein globalisert kapitalisme, med fri flyt av varer og tenester og av personar og pengar, ikkje går i hop, ikkje på sikt. Kapitalen vil gå dit profitten er høgast. Folk vil gå dit lønene og trygdene er gunstigast. (Vatnet renn ikkje oppover.) Opne grenser og velferdsstat, på sikt går dei ikkje i hop.

Ein velferdsstat treng både grenser og internasjonale ordningar (til dømes om klima og militærpolitikk og skattlegging av internasjonale konsern). Men ein velståande velferdsstat i ei verd med vedvarande kriser og konflikt, med grenser mot ei fattig omverd, det er ein vanskeleg konstellasjon, både realpolitisk og moralsk. Derfor, for at grensene skal halde, må det ikkje vere store skilnader på det materielle forbruket på innsida og utsida av desse grensene.

Kort sagt, dersom vi på sikt vil berge velferdsstaten, trengst grenser og nøysemd. Kor langt og kor strengt, det får tida vise. Men målet er mogleg: verdige liv, i ein velorganisert og demokratisk velferdsstat, med nøysemd og grenser. Nøysemd, av realpolitiske grunnar. Men også av solidaritet med dei som kjem etter oss, dei vi ikkje ser, korkje på fjernsynsskjermen eller nettet, men som likevel blir påverka av dei liv vi fører. Utan solidaritet med kommande generasjonar handlar vi moralsk klanderverdig.

Av Gunnar Skribekk, trykt i Klassekampen 27. november 2015.

Skribekk kjem med boka på Res Publica i januar 2016: «Kriser og medansvar»