– Den blåblå framtida vert seld som ein veg utan alternativ. Men slik er jo ikkje verda, skriv Simon Malkenes i Dag og Tid. 

«Der er ikkje noko alternativ«, sa Margaret Thatcher. Ho dreiv »ideologisk utpressing« i England i 1980-åra. I dag finn ein utpressinga i ein påstått kappestrid for å overleve i den globale økonomien. Difor seier dei blåblå at ein må slå saman kommunar, omorganisere, privatisere, konkurrere, sleppe taumane og inngå TISA-avtala i løynd. Og kva skjer om ein ikkje vil? Jau, då er ein ikkje endringsvillig, ein er for lite modig, for lite villig til å ofre seg og gje seg over. Og då vil ikkje landet klare seg i den framtidige globale økonomien.

Kva gjer dette med politikken til dei blåblå? Jau, å hevde at der ikkje er noko alternativ, nøytraliserer vanleg fornuft, og det oppstår, ifølgje filosofen Jon Hellesnes, »ei form for kollektiv galskap med mentalt friske pasientar«. Den gjer at ein ikkje problematiserer om ein er på den rette vegen, om politikken er rett. I staden er svara gjevne på førehand, som den einaste løysinga. Vi må fordi vi må. Det gjer at den blåblå framtida vert brulagd med ein heil metafysikk om den spontane ordenen på den frie marknaden. Den får ein ikkje kritisere. I staden skal alle jakte det reinaste uttrykket for marknaden. Det får ein til dømes ved å slå saman kommunar slik at dei vert store nok til at ein kan lage marknader innanfor skole, helse og så bortetter. Berre slik kan innbyggjarane få dei tenestene dei fortener. Og berre slik kan landet klare seg i den framtidige, globale økonomien. Berre slik.

Det er her ein finn kjernen i regjeringsprosjektet til dei blåblå. Dei meiner å vite at kjernen i det menneskelege vesenet er å vere kunde, at samfunnet djupast sett er ein marknad, og at historia sjølv strevar etter å realisere den globale kapitalismen. Det gjer at dei ikkje ser nyliberalismen som ei politisk retning. I staden er han eit kall til å vere fødselshjelpar, eit kall til å hjelpe fram det som realiteten sjølv ber i seg. Det gjer at kommunereform, politireform, helsereform eller den hemmelege TISA-avtala ikkje er samfunnsomvelting. Nei, det er apolitisk tilrettelegging og hjelp til sjølvhjelp. Sjølv meiner dei det heile er frigjering av eit høgare slag og at dei derfor kan dømme alt anna til den historiske skraphaugen.

Men slik er jo ikkje verda. Det skjønar veljarar i Kommune-Noreg. Dei lèt seg ikkje presse. Dei vil ikkje ha denne fridomen. Dei vil ha sjukehus, politi og skole der dei bur. Det gjer dei fri. Det er eitt alternativ.

Av Simon Malkenes. trykt i Dag og Tid 25. september 2015

2017-04-18T15:46:46+00:00 1. oktober 2015|