– Det er for mykje snakk om person og for lite om politikk i valkampen, hevdar Wegard Harsvik. 

Snakkar Støre «størsk»? Er han ein tåkefyrste utan evne til å gjere greie for seg? Eller er hans debattstil forfriskande fordi Noreg har fått ein partileiar som tør å resonnere?

Debatten om debattforma til Jonas Gahr Støre er ein av snakkisane i valkampen. No kjem Wegard Harsvik og svenske Sara Gunnerud med ei bok der dei skriv at dette er eit strategisk grep frå høgresida.

– Den politiske høgresida i mange land ønskjer heller å diskutere personlege eigenskapar framfor politikk, seier Harsvik.

Harsvik har tidlegare skrive boka «Blåkopi» om korleis norske Høgre la om retorikken etter modell frå Sverige for å vinne valet. Han meiner Høgre og Frp i lang tid har arbeidd for å få valkampen til å handle om person framfor politikk, og Støres eigenskapar, integritet og person.

– Dette er ei oppskrift for høgresida på å vinne val. Då statsbudsjettet – politikk i si reinaste form – kom, fekk politikken til regjeringa grisebank av veljarane. Men no har vi ein valkamp der kommentatorane ikkje analyserer det politiske innhaldet i debatten, men deler ut stilkarakterar for punchlines, meiner Harsvik, som trur dette har blitt verre med åra.

Stor, Støre, Størsk

– Kvifor lukkast dei, då?

– Det er ein enkel måte for media å vinkle politisk stoff på personar og konflikt i staden for å forklare lesaren komplekse samanhengar i politikken, meiner Harsvik, og held fram:

– Det er ikkje tilfeldig at ord som «tåkefyrste» og «størsk» vinn fram, eller at høgresida snakkar om leiarane på venstresida som «feige», «unorske» og «utan ryggrad».

– Men er det ikkje sant, då?

– Skal du også byrje med det der? Dette handlar om å gjere hans sterke sider svake, henta rett frå oppskriftene til Republikanarane sine strategar, som Karl Rove. Støre fører intellektuelle resonnement, og då gjeld det å stemple dei som ulne.

Harsvik ønskjer seg ikkje valkampar frie for persondiskusjonar, men meiner dei ikkje må overskugge politikken.

– Kva bør venstresida svara?

– Det viktigaste er å få valkampen til å handle om politikk. Folk stør venstresidas politikk, det kan vi vinne val på. Nokre gongar blir ein freista til å delta i persondebatten, som dei danske sosialdemokratane. Dei fekk vist at Helle Thorning-Schmidt var meir populær enn Lars Løkke Rasmussen. Men i mellomtida segla Dansk Folkeparti fram på misnøya og fekk snakke om velferds- og fordelingspolitikk, i tillegg til innvandringskritikk. Dei danske sosialdemokratane vann personkampen, men tapte politikken, og i dag er Lars Løkke Rasmussen statsminister.

– På framsida av boka di har du sjølv ein karikatur av Erna Solberg. Er du med på drive fram personfokuset?

– Nei, nei. Dette er berre ein karikatur. Je suis Erna Solberg.

Av Jens Kihl og Kjetil Magne Sørenes. Trykt i Klassekampen 22. august 2015.

Ord er makt» lanseres mandag 31. august kl 17.30 på Kulturhuset (Youngstorget 3, Oslo)