– Styrken ved boka er eit vell av døme på korleis høgresida brukar språket for å tene interessene sine. For både språk- og politisk interesserte representerer boka derfor ei skattkiste, skriv Rolv Mikkel Blakar om «Ord er makt» i Dag og Tid. 

Boka er ei gullgruve med gode døme på politiske eufemismar, men går litt vel langt i å gi språket makt til å forme verkelegheita.

Arbeidarrørsla har alltid lagt vekt på skolering av talspersonane sine. Høgdepunktet er utan tvil Einar Gerhardsens klassikar Tillitsmannen – En håndbok for tillitsvalgte. Med det låge utdanningsnivået, ikkje minst i arbeidarklassa, ved inngangen til 30-åra, var ei handbok i praktisk organisasjonsarbeid nødvendig. Grunnideen bak Ord er makt er å vise korleis arbeidarrørsla kan ta tilbake initiativet i samfunnsdebatten.

Medan Gerhardsen dreiv opplæring i praktisk organisasjonsarbeid, som det da var skrikande behov for, viser Gunnerud & Harsvik korleis dei progressive kan avsløre og motverke språkbruken til høgresida. «Dette er først og fremst en politisk bok, en slags håndbok i politisk kommunikasjon», seier forfattarane. Og dei avsluttar boka med praktiske råd om korleis sosialdemokratar og progressive bør og ikkje bør bruke språket i samfunnsdebatten.

FIENDESPRÅKET Boka er ei fornorska utgåve av Gunneruds (2014) svenske bok Ordens makt i politikken. Språkkonsulenten Gunnerud kom inn i det svenske sosialdemokratiet i 2008. Der var dei da svært opptatt av kva dei «nye Moderaterna» gjorde med det politiske språket. Gunnerud meinte at hennar språkvitskapelege kunnskap ville vere nyttig for å vise kva dei «nye Moderaterna» gjorde.

Boka er ingen nøytral analyse av politisk språk. Det er to nordiske sosialdemokratars analyse av «fiendens språk».

Styrken ved boka er eit vell av døme på korleis høgresida brukar språket for å tene interessene sine. For både språk- og politisk interesserte representerer boka derfor ei skattkiste. Særleg to aspekt ved høgresidas språkbruk vert trekt fram: bruk av ideologiske honnørord – «valgfrihet» prydar bokomslaget – og ord som tilslører dei «eigentlege» realitetane. Nokre døme på det siste er «effektivisering» der det dreiar seg om nedskjering, «nærpolitireform» der det dreiar seg om nedlegging av politi i distrikta, og «kostnadseffektivisering» der det dreiar seg om kutt. Alle som er interesserte i politisk språkbruk, finn ei rik kjelde å ause av.

UNDERVURDERER LESARANE Når eg slik anbefaler boka, må eg gje framtidige lesarar nokre kritiske perspektiv med på vegen: Boka ville vore styrkt om litt meir av det språkvitskapelege og språkpsykologiske grunnlaget den bygger på, hadde vore presentert. Da hadde lesaren forstått meir av korleis språket fungerer. Forfattarane har reflektert valt ikkje å gjere det fordi «

[d]et ville gjort boka mindre tilgjengelig for mange som er i våre viktigste målgrupper». Men det er å undervurdere lesarane. Mi eiga erfaring er at det kan gjerast enkelt og lettfatteleg.

Eit dilemma for alle som tar opp «språk/maktproblematikk», er i kva grad det er realitetane som formar språket, og i kva grad språket skaper dei sosiale og politiske realitetane. Mellom språk og sosial realitet er det eit komplekst og subtilt tovegs samspel. Med Ketil Solvik Olsens sitat «Vi legger ikke om politikken, vi legger om retorikken» som preludium, går boka farleg langt i å gje inntrykk av at det er språket og språkbruken som skaper dei sosiale og politiske realitetane.

Boka går også for langt i å gje dei «nye Moderaterna» og det norske Høgre æra for å ha endra det politiske språket. Sanninga er at den globale nyliberalismen har vore drivkrafta bak både dei språklege endringane og framgangen til dei konservative i Skandinavia.

LESEVERDIG Rett nok er det «fiendens språk» som vert analysert, men boka tyr for lett til karakteristikkar som «uærleg manipulasjon». Språkleg kreativitet er del av politikken. I tiår førte det norske sosialdemokratiet ein politikk dei kalla «distriktsutbygging». Ærlegare burde den vore kalla «distriktsnedbygging» eller «-avfolking». Plassen tillèt ikkje å forklare kvifor Einar Førde vart rasande på meg da eg nytta dette dømet.

Med sin rike flora av politisk språkbruk er boka absolutt leseverdig. Men Ord er makt bør kombinerast med lesing av språkvitskapeleg – gjerne språkpsykologisk – litteratur, slik at lesaren ikkje berre får masse døme, men også forståing av dei språkpsykologiske mekanismane som ligg til grunn for at «språk er makt».

Anmeldt av Rolv Mikkel Blakar, professor emeritus ved Universitetet Oslo. Trykt i Dag og Tid 16. oktober 2015

2017-04-18T15:46:45+00:00 19. oktober 2015|