Samlokalisering med Tankesmien Agenda

Agenda - logoFra nyttår blir Tankesmien Agenda og Res Publica samlokalisert i Torggata 2 i Oslo. Vi ser fram til utvidet samarbeid. 

Både i 2016 og 2017 går LO inn med seks millionar kroner i støtte til Tankesmien Agenda AS. Det vedtok LO-sekretariatet sist veke.

Dermed grev LO, som saman med bergensmilliardæren Trond Mohn eig sentrum-venstre-tankesmia Agenda, djupare i lommeboka enn tidlegare. LO gjekk også i ved oppstart inn med tolv millionar kroner, men då over treårsperioden 2013–2015.

Agenda er i all hovudsak finansiert av LO og den tidlegare industrieigaren Trond Mohn.

– Dette er fantastisk gode nyheiter. Me har jobba godt med både LO og ei lang rekke forbund, seier Agenda-nestleiar Kaia Storvik.

Storvik er også glad for at Trond Mohn har gitt grønt lys for ny støtte i åra som kjem.

– Dette gir Agenda føreseielegheit, og det viser at våre eigarar tenker langsiktig og at Agenda er kommen for å bli, seier Storvik.

Ifølge Storvik går Mohn inn med ei årleg støtte på fem millionar kroner i perioden 2016–2017. Han har også gått inn med fem millionar i 2015.

Mens Trond Mohn med 14 millionar kroner har stått for den største delen av finansieringa dei tre fyrste åra, vil LO med tolv millionar kroner bli den største bidragsytaren dei to neste åra.

Storvik seier at finansieringa har bidratt til ei utviding av staben. I dag har Agenda ni tilsette.

– Det gir oss eit trygt økonomisk fundament.

Leiar for strategisk arbeid i LO Wegard Harsvik seier LO er svært nøgd med jobben Agenda har gjort så langt.

– Det var LO-kongressen i 2013 som bad sekretariatet gå inn i tankesmia. Åra som har gått har Agenda både sett samfunnsmessige spørsmål på dagsorden og samstundes vore ei motvekt til høgresida sitt tilsvarande miljø, Civita, seier Harsvik, som blant anna viser til debatten om fordeling og ulikskap som Agenda var med å reisa i forkant av fjorårets statsbudsjett.

– LO gav også ved oppstart tolv millionar, men då over to år. Er dette ei forsterking?

– Både ei forsterking og i tråd med ei kostnadsutvikling, og at me meiner at det er vel brukte pengar, seier Harsvik.

Klassekampen har fått tilgang til saka som LO-sekretariatet handsama, der det også går fram at gjennom å ha ei aktiv rolle ønsker LO sterk styrerepresentasjon i Agenda.

Harsvik seier at dette ikkje representerer ei ny linje, men at det er ei gjentaking av tidlegare behandling av Agenda i LO.

– Det er ikkje slik at me tar eit sterkare grep, seier han.

Heller ikkje Agenda-nestleiar Storvik er redd for at LO skal få eit for sterkt grep om tankesmia.

– Kven som sit i vårt styre overlèt eg til våre eigarar. Me har eit fantastisk godt samarbeid med LO, seier Storvik.

Nærare Res Publica

Forbundsleiar i Industri Energi Leif Sande, som tidlegare har vore ute og kritisert Agenda, gir tommelen opp for støtta frå LO. Sjølv var han ikkje på sekretariatsmøtet, men er glad for at Agenda får støtte.

– Agenda har gjort eit prosjekt for oss, og me har hatt god dialog. Eg er positiv til at me støttar opp om Agenda framleis, seier Sande.

Sjølv sit Sande i styret i forlaget og tankesmia Res Publica og ifølge Sande har det også vore snakk om ei samling av forlaget Res Publica og tankesmia Agenda.

I fyrste omgang skal i alle fall Agenda og forlaget Res Publica flytta saman.

– Me har eit veldig godt samarbeid med Res Publica, og frå januar skal me samlokaliserast, seier Storvik.

Av Anne Kari Hinna. Trykt i Klassekampen 20. oktober 2015

2017-04-18T15:46:45+00:00 26. oktober 2015|