Skriv ut
Torsdag 28. august 2008

Industrikonferansen 2008: Fornybar energi, rein industri?

Prisen på råolje er fordobla i løpet av kort tid. Samtidig synk produksjonen av olje på norsk sokkel. Klima vil spele ei stadig større rolle i tida som kjem. Dette er utfordringar som norsk økonomi og særleg norsk industri må handtere.

Tilgangen til rein og fornybar industri vil bli eit konkurransefortrinn. Norge har i denne samanhengen ei unik mogelegheit til å posisjonere seg med omsyn til dei endringane som vil kome med klimautfordringane.

Påmelding til NORISS, e-post:- konferanse@noriss.no

Spørsmål som vil bli debattert på konferansen er:
- Kan norsk industrikraftløysing følgje eit europeisk spor?
- Korleis skal ein handtere infrastrukturutfordringane i nordområda?
- Korleis utnytte kraft som eit konkuransefortrinn i ein global kontekst?
Fornybar energi og rein industri må erstatte olje og gass for å sikre auka verdiskapling, berekraft, velferd og sysselsetjing i Norge. Ein høg oljepris vil framskunde ein anna type energiforbruk, føre til utvikling av ny teknologi og industri.

Program:
08:30 - 09:15 Kaffe og forfriskningar
09:15 - 10:00 ”The Dollar Saga” Professor David Calleo, Dean Acheson Professor og direktør for European Studies Program ved The Johns Hopkins University, USA.
10:00 - 10:30 Spørsmål og diskusjon
10:30 - 10:45 Pause
10:45 - 11:15 ”Kan norsk industrikraftløsning følgje det europeiske spor?” Helge Stanghelle, FESIL
11:15 - 11:45 Spørsmål og diskusjon
11:45 - 12:15 ”Infrastrukturutfordringar i Nordområda” Varanger Kraft
12:15 - 12:45 Spørsmål og diskusjon
12:45 - 13:30 Lunsj
13:30 - 14:00 ”Kraft som konkurransefortrinn i ein global kontekst”, Ronald Fagernes, Norsk Industri
14:00 - 14:30 Spørsmål og diskusjon
14:30 - 15:00 Pause
15:00 - 15:30 ”Fornybar energi – eit industriperspektiv”, Leif Sande, Industri & Energi
15:30 - 16:00 Spørsmål og diskusjon
16:00 - 16:30 Oppsummering
Innleiarane:
David Calleo, Professor og direktør I European Studies Program ved The Johns Hopkins University - Washington - USA
Jon Bingen, direktør i Norsk Institutt for Strategiske Studier, NORISS.
Helge Stanghelle, Direktør FESIL produksjon AS
Ronald Fagernes, Fagsjef Industripolitikk, Norsk Industri
Leif Sande, leder i fagforbundet Industri og Energi
Påmelding:
Påmelding til NORISS, e-post:- konferanse@noriss.no
Påmeldingsfrist: 19. august 2008.
Påmelding er bindande. Ved fråfall kan ein anna frå same organisasjon delta, men det må meldast frå på førehand.
Påmelding krev fullt navn, evt. organisasjon og e-postadresse.
Pris kr. 650,- inkl. lunsj og servering.
Studentar og medlemmer av frivillige org. kan delta gratis, og betalar berre for lunsj kaffe, kr 250,-.
Ein må gjerne betale kontant ved oppmøte, viss ikkje blir deltakinga fakturert i etterkant.
Stad: Sørmarka Kurs- og Konferansesenter, Enebakkveien 625, 1404 Siggerud.
www.sormarka.no
Konferansen er arrangert av Norsk Institutt for Strategiske Studier – NORISS I samarbeid med Norsk Industri, NITO, Fagforbundet Industri&Energi, Norges Bondelag, Fagforbundet, SINTEF og tankesmia ResPublica på Sørmarka.