Kristne – trojansk hest for mørke makter?

 – Er vi stadig ein fortropp for kulturell modernisering, eller står vi i fare for å bli ein trojansk hest for mørkemaktene, spør bokaktuelle Gunnar Skirbekk i Vårt Land. 

Berge Furre er gått bort – ein markant politikar. På same tid som han var lekmannskristen og professor ved Det teologiske fakultet, og dermed, i eigen person, ein berar av begge tradisjonane i det stridige samspelet mellom folkelege rørsler (med røter tilbake til Hans Nielsen Hauge) og ein luthersk embetsstand (med røter tilbake til Pontoppidan og potetprestane på 1700-talet), eit skilsetjande samspel som har prega norsk modernisering til denne dag.

Kort sagt, vel forankra i opplysningsprosjektet har dansk-norsk protestantisme vori ein pådrivar for dei moderniseringsprosessane som pregar dagens norske samfunn. Dessutan, ved indre modernisering har kristen-dommen i dag ein naturleg plass i det moderne norske samfunnet. Dette er ei dannings-historie som kristne her til lands kan vere stolte av.

Men tidene endrar seg. I dag, i ei verd prega av kulturelt og sosialt­ mangfald, kan «religion­» vere så mangt – frå vestleg kristendom og andre religionsformer som lever i harmoni med opplysningstradisjonen og det moderne samfunn, til trusformer og livsmønster som ikkje passar inn i moderne samfunn med rettsstatleg demokrati og folkeopplysning og med skilje mellom rettsvesen og religion og mellom yrkesroller og privatliv. I moderne samfunn der folk erkjenner­ at vi er feilbarlege og at vi treng å lytte til kvarandre og ta motargument­ på alvor.

For, det er ille med dei «halvmoderne», som kombinerer moderne teknologi og religiøs fundamentalisme, som om opplysningstida aldri fanst – anten det er i Midtausten eller Midtvesten. Aller verst er kombinasjonen av moderne våpen og førmoderne haldningar og aksjonar, ofte i Guds namn – slik vi ser det hos IS og Boko Haram. Men den fatale konstellasjonen av «halv-modernitet», av sviktande opplysning og moderne teknologi, finst mange stader, til dømes i USA – med kreasjonisme og Star Wars, side om side.

Det er ein lærdom å trekke av dette: I moderne kriseramma samfunn trengst det så mangt, men også opplysning og seriøs religionskritikk – ikkje kritikk som avvising, men som lutring og styrking. Dét er til det beste for religionen, og samtidig er det viktig for å motverke ekstrem-isme og krigsliknande tilstandar i moderne, sårbare samfunn.

Likevel­ – i dag, i eit komplisert og uoversiktleg samfunn, er det mange som blir fascinerte av nyenkle former for religion, frå New Age til enkle variantar av tradisjonell monoteisme som ikkje er lutra av seriøs religionskritikk og som markerer seg på måtar som fremjar inngruppe-identitet og parallellsamfunn.

Same trend ser vi i innstillinga frå Stålsett-utvalet om «det livssynsopne samfunn». Der blir vi bedne om å vere positivt aksepterande overfor mangfaldet av dei forskjellige trus- og livssynssamfunn (som fell innanfor utvalets vide og uklare definisjon) når dei markerer seg i det offentlege rom, jamvel om forkynninga kan vere primitiv, utan rimeleg teo-logisk korreksjon, og jamvel om det skjer på måtar som i fram-toning og framferd skil dei ut frå andre samfunnsborgarar.

Vi ser tilsvarande reaksjonar hos unge som konverterer til enkle­ versjonar av islam. Og vi ser det hos marginaliserte muslimske ungdommar på søk etter­ eit feste i livet, ubefesta sjeler som blir fascinerte av gamlevorne versjonar av islam og som står i fare for å bli politiserte som ekstremistar, i hat mot moderne, demokratiske samfunn.

Tre kjappe merknader, om det som kan gjerast.

For det første, vi bør fremje­ open og opplyst meinings-utveksling, til dømes i presse og forlag. I Grunnlova § 100 siste ledd er det formulert slik: «Dei statlege styresmaktene skal leggje­ til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte». Dette omfattar tillitskapande dialog, men også open og opplyst diskusjon­, ved felles søk etter betre­ grunnar, i erkjenning av at vi alle er feilbarlege og at vi derfor treng å lytte til kvarandre og ta motargument på alvor.

For det andre, skulevesenet er viktig: Felles offentleg grunn-skule, med felles basiskunn-skapar. Alle elevar bør sitje rundt «same bord». Ikkje religiøse­ skular, som kan føre til parallellsamfunn. Poenget er å unngå­ uheldige parallellsamfunn. I praksis vil det vere eit spørsmål om kor sterkt presset vil vere for likebehandling, altså for at det heller ikkje skal vere kristne­ privatskular­ dersom det ikkje skal vere muslimske. Om dette då vil gjelde både gamle og nye skular, er eit ope spørsmål.

Dersom den muslimske folkesetnaden aukar, slik det ser ut til, og den religiøse identiteten held seg sterk i denne veljargruppa, kan striden bli hard.

Uansett, vi treng skular som set elevane i stand til å leve som ansvarlege stats-borgarar i moderne, kriseramma samfunn – i eit tillitsbasert og rettsstatleg demokrati, med ein generell og sjenerøs velferdsstat, der visse haldningar og dygder må på plass: Den som vil nyte godt av institusjonane, må leve opp til føresetnadene for at dei skal fungere. Det inneber mellom anna at undervisninga i norsk, historie og samfunnsfag, samt religion og etikk, bør samordnast og spissast, slik at elevane kan skjønne kva eit moderne samfunn går ut på og kva det fordrar av oss som bur her.

For det tredje, det trengst opplæring i det å vere statsborgar i eit moderne demokrati. Statsborgarskap gir rett til velferdsgode og til rettsleg likebehandling. Men kva med pliktene? Alle fungerande moderne demokrati har skuleplikt. Det er ikkje til-feldig. Demokrati, som val-system, forutset at statsborgarane­ er rimeleg opplyste, at dei i rimeleg­ grad er myndige menneske. Som statsborgar må ein (på rimeleg vis) kunne språket­, forstå sakene­, skjønne­ samfunnet­. Manglar dette, kan ein vere kunde­ og klient, og rettsstatleg undersått, men ikkje statsborgar, reelt sett.

Spissformulert lyder spørsmålet slik: Er vi stadig ein fortropp for kulturell modernisering, eller står vi i fare for å bli ein trojansk hest for mørkemaktene? Og kva bør vi vere? – Tenk på Berge Furre! Då burde svaret gi seg sjølv.

Av Gunnar Skirbekk, trykt i Vårt Land, 5. februar 2016

Les anmeldelse i Trønderavisa her og Klassekampen her

2017-04-18T15:46:45+00:00 12. februar 2016|