Jan Tore Sanner, kommunal- og moderniseringsministerJan Tore Sanner har lykkast i å lokke, trygle og true kommunane til å ta stilling til samanslåing. Mange har likevel vore så ulydige at dei gjennomfører folkerøysting. 

Mange hundre tusen nordmenn driv nett no med aktivitet som den blåblå regjeringa ikkje vil ha noko av: Dei førebur seg til folkeavstemming om kommunesamanslåing.

Folk skal bestemme om kommunen deira skal bestå eller forgå, eller dei trur iallfall dei får avgjera.

Nedlegging av kommunar er den viktigaste reforma til den blåblå regjeringa, og Jan Tore Sanner har sidan han vart statsråd tala om at kommunane «har gått ut på dato». Lokalpolitikarane til Høgre har fått klare direktiv om samanslåing og om korleis dette skal gjerast: «Folkeavstemninger i denne type spørsmål utarter ofte til synsing, usakligheter og splittelse i lokalsamfunnet og kan føre til at det blir tatt en beslutning som ikke er kunnskapsbasert», har partisekretæren skrive. Folk har altså ikkje peiling, og det blir mindre bråk viss politikarane bestemmer.

Høgre vil heller ha innbyggarundersøkingar, meiningsmålingar der ein kan spørje om dette og hint, for å få svar som passar. Professor Bjarne Jensen har vist at der ein har gjort begge delar, blir nei-prosenten høgare i folkeavstemming enn i innbyggarundersøking.

Jan Tore Sanner har lykkast i å lokke, trygle og true kommunane til å ta stilling til samanslåing. Mange har likevel vore så ulydige at dei gjennomfører folkerøysting.

Kommunane har tradisjon for å høyre folket, og det er ikkje uvanleg med folkerøystingar om blant anna skolekretsar og alkoholpolitikk. No ligg det derimot an til at det blir 200 folkeavstemmingar berre i år, nesten like mange som har vorte halde om andre spørsmål dei siste tjue åra. I Møre og Romsdal, dette vakre balkanhjørnet i norsk politikk, skal 32 av 36 kommunar ha folkeavstemming dei neste vekene.

Utfallet er uklart. På den eine sida vurderer ei rekke kommunar fleire samanslåingsalternativ, og enkelte skal ha folkeavstemmingar med meir enn to alternativ. På den andre sida er det mange stader sterk motstand, eller skepsis til dei luftige løfta om at alt skal bli betre i ein storkommune. Nei-folket har merkt seg at vesle Alvdal, med berre 2450 innbyggarar, nyleg vart kåra til Norges beste kommune.

Sjølv om det blir nei i ei folkeavstemming, kan det likevel bli kommunesamanslåing. Høgre-ordføraren i Lindesnes vil framleis jobbe for samanslåing, sjølv om folkeavstemminga nyleg gav 57 prosent nei. Dette er i tråd med direktiva frå Høgre sentralt:

Dersom Høgre lokalt ikkje klarar å hindre folkerøysting, bør dei ikkje respektere resultatet utan at valdeltakinga er over 75 prosent, og heller ikkje viss nei-fleirtalet er lågare enn 60 prosent. Dersom kommunane framleis står fast på eit nei, er som kjent regjeringa open for tvangssamanslåing.

Folkeavstemming er etter norsk lov berre rådgivande. Likevel viser Høgre liten respekt for dei som har stemt viss partiet overprøver den lokale folkeviljen.

Kva så med regjeringspartnaren Framstegspartiet? Gjennom partiprogramma går Frp inn for at folkeavstemming skal bli langt viktigare i norsk politikk, og seinast i går gjekk Oslo Frp inn for folkeavstemming om monarkiet. Prinsipprogrammet til Frp slår fast at «våre representanter skal alltid følge resultatet av en folkeavstemning».

Ufatteleg nok skal ikkje dette prinsippet gjelde for folkeavstemmingar om kommunesamanslåing. Til Klassekampen seier nemleg kommunalpolitisk talsmann Helge André Njåstad at «det er feil å seie at ein uansett skal følgje resultatet av ei folkerøysting», og at ein ikkje treng det om valdeltakinga er låg og resultatet jamt.

Høgre kan med all rett skuldast for å vise manglande demokratisk sinnelag i striden om folkerøysting og kommunesamanslåing. Frp viser derimot forakt for folk flest.

Av Kjell-Erik Kallset. Trykt i Klassekampen 8. april 2016.